Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Mannskapet på D/S "Sport" som trafikkerte Indre Oslofjord, fotografert i 1933.
Foto: Ukjent, 1933
NEG 244 Sjøfolk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2013 med tittel Sjøfolk. Utsendar var Nettverket av sjøfartsmuseer i Norge.   Les mer …

Motorseileren Nance, eier Thorolf Bang, Hov gård. Båten lå fortøyd utenfor Lasteberget i Båtstø, ca 1940.
Foto: Røyken historielag
NEG 150A Lystbåter (kortversjon) er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1988 med tittel Lystbåter. Utsendarar var Göran Rosander og Anne Moestue. Denne spørjelista er sendt ut særskild gjennom båtforeiningar. Svara til denne spørjelista er arkivert under arkivsignaturen NEG 150 i lag med NEG 150B Lystbåter og NEG 150C Fritidens båtliv.   Les mer …

Eksempel på reiving frå Setesdal. Illustrasjon av Ellen Iversen
NEG 45 Barnestell 1 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1954 med tittel Barnestell i eldre tid - omsorg og stell med barn før dåpen. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Denne spørjelista er sendt ut i samanheng med og utfyller NEG 46 Barnestell 2.   Les mer …

Blandaball servert med potet, kålrabi, gulrøter, flatbrød og vatn.
Foto: Olve Utne
(2009)

NEG 26 Klubb, klot, kumle og krumme er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Klubb, klot, kumle og krumme. Utsendarar var Lily Weiser-Aall, Rigmor Frimannslund.

Denne maten er brukt over store deler av landet, men han varierar mykje i dei einskilde distrikt, og det er mogeleg han har skift noko med tidene. Vi bed difor om å få greie på om folk har laga han på ein annan måte i eldre tid, og om det fins serskilte namn på dei ymse klubbslaga.   Les mer …

Glomfoss Bruk og Glomsdammen.
Foto: Ukjend (før 1914)
Glomfoss Bruk i Kilegrend ligg på Kiland nedre, gnr. 25/2, fnr. 11 i Fyresdal kommune. Bruket vart starta opp i 1908. Drifta opphøyrde i 1980-åra, og frå 1994 vart Fyresdal Bygdemuseum eigar.I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved Glomfoss, og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg og Ketil Kiland og Ketil Sundsli. Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.   Les mer …

Interiør frå Alf Jacobsens Boktrykkeri.

Alf Jacobsens Boktrykkeri blei starta i 1939. Trykkeriet låg i Storgaten i Brevik i noverande Porsgrunn kommune. Mottoet til verksemda var "Bedre trykksaker".Alf Jacobsen overtok boktrykkeriet i 1939 frå Carsten Albretsen og Alv Kristiansen som hadde drive Albretsens trykkeri frå 1926. Før dette hadde Bratsberg Blad hatt tilhaldsstad i lokala, med A. Naper som boktrykkar. A. Napers trykkeri hadde frå byrjinga heldt til på Øvre Torv. Frå 1929 dreiv Albretsen trykkeriet alene, og i 1934 flytta han trykkeriet til sidefløyen for H. M. Albretsen i Storgaten i Brevik. Fem år seinare overtok Alf Jacobsen trykkeriet.

Jacobsen var utlært i Brevik, og hadde teke svennebrev i 1931. Han løyste handverksborgarskap i 1934. Utdanning hadde han frå teknisk aftenskule, kurs ved teknologisk institutt, forutan vanleg middelskuleutdanning. I 1938 fekk han stipend til studieopphald i Stockholm.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar