Ingeborg Møller ca. 1930-1935. Foto: Ukjent. Ingeborg Møller (fødd 29. desember 1878 i Oslo (Kristiania), død i Oslo 18. februar 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Mellom anna arbeidde ho saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule.
Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar. Les mer …
Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien. Les mer …
Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja, utført av Lars Hofseth i 1947.
Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940 er eit oversyn over hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Desse knapt tre vekene var relativt dramatiske i Lesja. Nokre dagar etter krigsutbrotet vart mange hundre soldatar frå Møre transportert gjennom bygda med tog og kom i kamp med tyske elitesoldatar som vart sleppt i fallskjerm to stader i bygda. Etter kvart begynte tyske fly å sleppe bomber langs riksvegen og jernbanen, meir og meir intensivt. Engelske troppestyrkar vart sendt igjennom bygda sørover mot fronten på Hedemarken og i Gudbrandsdalen. På Lesjaskogsvatnet vart ein heil flyplass rydda for engelske jagarfly, men nesten alle flya vart øydelagde. Kongen, kronprinsen og regjeringa flykta gjennom bygda mot Romsdalen og etter kvart gjorde òg tusenvis av norske og engelske soldatar det same under stadige flybombing fram til det heile stilna av kring 1. mai og dei tyske soldatane hadde full kontroll. Les mer …
Relieff på bautaen over Sigurd Einbu ved Lesjaskog kyrkje.
Sigurd Einbu (fødd 5. november 1866 på Nordi Lie på Lesjaskogen, død 10. mai 1946) var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Til liks med bror sin, Ragnvald, var han som gut interessert i teikning og måling, men far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden (1879-1967). Les mer …
|