Forside:Hallingdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud. V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anne Jensdotter Sletto, 1901. Foto: Hol Bygdearkiv.

Anne Jensdotter Sletto (fødd 4. mars 1867 i Hol kommune, død juli 1946 same stad) var tenestejente, vaske- og strykekone. Det er sikkert at ho virka i heimbygda og i Vestfold og at ho budde i Akershus då dottera Jenny vart fødd.

Anne Jensdotter Sletto høyrde til dei småe i samfunnet. Ho var tenestjente i ei eller annan form all si tid. Ei blant mange. Av folketellingane mot slutten av 19. hundreåret er talet på gruppa som hadde personleg tenesteyting som leveveg 95 000 i 1890 og 112 000 i 1900. Med visse atterhald var kring 7-8% av innbyggjarane i Norge tenarar heilt fram til kring 1930.   Les mer …

Halvor Haavelmo
Foto: Norske skulefolk (1934)
Halvor Haavelmo (født 25. november 1886 på Gol, død 16. august 1967 i Skedsmo) var lærer, lokalpolitiker og lokalhistoriker i Skedsmo på Romerike. Han er særlig kjent for bygdebøkene om Skedsmo, og som lærer brant han spesielt for skolehagene. Haavelmo var opprinnelig Venstre-mann, men ble av okkupasjonsstyret utpekt til Skedsmo-ordfører under andre verdenskrig, etter å ha sittet nærmere 30 år i herredsstyret. Økonomen Trygve Haavelmo (1911-99) var sønnen hans.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 3. juni 1976: utsnitt av nekrolog over Hjalmar Andreas Mjelstad.
Hjalmar Andreas Mjelstad (født 27. juli 1895 i Skånevik i Etne kommune, død 28. mai 1976) var sivilingeniør. Gjennom hele yrkeskarrieren arbeidet han med elektrisitetsforsyning og kraftutbygging, lengst var han ved Oslo Lysverker, der han blant annet var kraftutbyggingssjef. Hjalmar Mjelstad var sønn av brukseier Berge Mjelstad (f. 1860) og Martha f. Hillesdal (f. 1862), og ble gift i 1932 med Ingeborg Vinje Ludvigsen (1903-1993).   Les mer …

Stølen Steintjønnbotten (også kalla Botten, gnr 54, bnr 7) låg nord for Steinvika, vestafor Uggen på Ustaoset i Hol kommune. Lars Torsteinson Heggeset, Kvisla, kjøpte den i 1892 av Margit Knutsdotter øvre Sand, også Kvisla, som i mange år sat som enkje på garden. Han har nok selt stølen vidare til Per Mikkelson Vindegg Bakkegard, Kvisla, for Per selde han i 1905 til Gunvald Larson Luten, Lio, som igjen bytte han bort til Knut Knutson Øyo, også Lio. Stølen hadde då lege øyde i mange år, men Knut fekk bygd både buer, lu og fjøs ved sida av den gamle steinbua. Sander Olson Fossgård og kona Gro, som rydda garden Fossli, Lio, kring 1916, leigde Steintjønnbotten av Thomas Knutson Øyo og støla der i 12 år. Stølsbua og fjøset er i dag (2012) ombygde til hytter.   Les mer …

Stølshusa på Osestølen, Ustaoset. Biletet er teke i samband med stikkinga av Bergensbanen. I midten kan ein skimte telta til jernbanefolka.
Foto: Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv.
Familien Vindegg på trappa utanfor Osestølen. Bak frå venstre: Olav, Ole O., Erling og Anne. Foran frå venstre: Mikkel, Ingebjørg, Maria og Sissel.
Foto: Ukjend, 1925.
Osestølen ligg i sentrum av Ustaoset, Hol kommune. Frå 1882 kom heile stølseigedomen i garden Vindegg, Kvisla, sitt eige. Det var kring stølshusa ved Ustevatnet at hyttebyen vaks fram i samband med utbygginga av Bergensbanen. Allereie i 1894 vart det som truleg var den fyrste hytta på Ustaoset sett opp ved Ustebergstølen, men hyttebygging i stor stil tok til med Ole O. Vindegg.   Les mer …

Gol stavkyrkje.
Foto: Olve Utne
Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Hallingdalen i Buskerud frå kring 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fikk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen. Opprinneleg stod stavkyrkja — Garðar kirkia — på den gamle kyrkjegarden, 500 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje på Leikvollen i Golreppen. Årringsdateringar tyder på at deler av bygninga er oppførte etter 1216, men ho har òg element som er frå så tidleg som 1157. Mange trekk ved kyrkja liknar Hegge stavkyrkje i Valdres; truleg har same byggmeister leidd bygginga av begge kyrkjene. Ho stod truleg i den opprinnelege utforminga si heilt til 1600-talet, med svalgang kring skip og kor. Takryttaren vart fornya i 1694.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar