Trolldomsprosessane i Europa frå 1420-åra til kring 1750, i nyare tid òg kjent som hekseprosessane eller heksejakta, var ei organisert jakt på personar ein meinte var trolldomskunnige. Trolldomsprosessane fann hovudsakleg stad i protestantiske område, men var òg vanleg i Frankrike og Polen. I katolske kjerneområde som Spania, Portugal og Italia vart ein liknande funksjon utført av Inkvisisjonen. Dei fleste av dei dømte i prosessane i Noreg var kvinner og har frå 1700-talet av — etter at trolldomsprosesstida var over — gjerne vorte kalla hekser. Totalt vart omkring 50 menn og 250 kvinner dømte til døden i Noreg; totalt er det dokumentert at 307 personar vart avretta. Eit unntak frå hovudregelen elles i Nord-Europa var Island, der berre menn vart dømte for trolldom. Blant samane var det òg fleire menn enn kvinner som vart skulda. Den første norske saka kom i 1570-åra, og den siste avrettinga fann stad i 1695. Dei fleste avrettingane i Noreg vart utførte ved brenning på bål. Brenninga vart sett som ei rensing av den dømte. Les mer …
|