Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Løypestrengar i Austefjorden (Volda) er eit oversyn over slike innretningar ein kjenner i dag.Her skulle gjerne vore presentert full oversikt på Løypestrengar i Høydalen, men det er jammen ikkje lett. Tek her med frå «Ytre Høydalen». Kan ikkje hugse at eg har sett når dei var i bruk. Det var ein streng i Rabben, , den finn ein i terrenget, lett å sjå i Joledalsråsa. Ser ut som dimensjonen har vore om lag 5/16 tomme. På Øggarden var strammespel på eit par stader Går ein nøye gjennom terrenget vil ein truleg finne restar av strengen opp i bakkane der. Vidare var det Løypestrengar i Bøstranda. Ein innom Storeklubben, og ein i området mellom Dekkja og Lissjeklubben   Les mer …

Sivert Aarflot.
Sivert Knudsen Aarflot (fødd 23. oktober 1759 i Ørsta, død 14. juli 1817 i Volda) var omgangsskolelærar, bonde, lensmann, postopnar, trykkerieigar og folkeopplysningsmann på Sunnmøre. Han var frå 1789 gift med Gunhild Aarflot. Han opna i 1809 det første prenteverket utafor byane i Noreg.Da Sivert Knudsen vart fødd, var faren leiglending på Fyldal i Ørsta, og noko seinare flytte dei til Årflot der han har slektsnamnet frå. Det vart ikkje mykje skulegang på Sivert Aarflot. Han gjekk 22 dagar i omgangsskulen, og så var det slutt. Men presten Hans Strøm merka seg at han hadde evner, og i 1778 vart den sjølvlærte unge mannen sett inn som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta. Den stillinga hadde han til 1793. I denne tide skreiv han ned segner, regler og viser som han fekk høyre av bygdefolket. Han fortsette også med sjølvstudier, og frå Hans Strøm fekk han interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Å få tak i bøker var ikkje enkelt, dei kosta pengar og var lite tilgjengelege på bygda. I 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosofiske og mathematiske Videnskaber av tyskaren Gotthild Reccard, og dette var ei gullgruve. Det var ikkje heilt enkelt for Sivert Aarflot å ta avskil med Bibelen sitt verdsbilete, men han jobba seg gjennom det og klarte å sameine kristentrua med naturvitskapen. Han var ein tilhengar av religionsfridom.   Les mer …

Her vert «Nilfisk» sjøsett.
(1974)

MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk. «Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.

Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik.   Les mer …

Johan Fredrik Voss
Johan Fredrik Voss (fødd i Haus ved Bergen 29. juli 1883, død 18. august 1966) var skulemann og nynorskforkjempar. Han var ein sentral person for målrørsla i akademiske krinsar, mellom anna som leiar i Studentmållaget og hovudmann bak Pønskarlaget ved Universitetet i Kristiania. Yrkesgjerninga og samfunnsinnsatsen hans kom særskilt landsgymnasa til gode. Landsgymnas var ei viktig fanesak for målfolket. Voss starta på privat basis det fyrste av desse i Volda. Han var sidan lektor ved Voss offentlege landsgymnas og rektor ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Som rektor på Eidsvoll 1922-1945 var han ein dugande skuleleiar, men også omstridd. Det siste hang både saman med hans kompromisslause standpunkt i målsaka og med hans politiske haldningar. Under krigen gjekk han inn i NS og hadde fleire viktige verv særleg lokalt, men også i fylket og til dels i kulturpolitikken på nasjonal basis. Han vart avsett som rektor i 1945 og dømt for landssvik.   Les mer …

Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.   Les mer …

Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle.
MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar. Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar