Anders Olson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Olson Åsen (fødd kring 1660, død kring 1728) var frå Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Ole Arneson Åsen.

Han gifte seg kring 1698 med Anna Sjursdotter frå Luster, og dei tok over Åsen i 1690-åra. Anders Åsen skal ha fått born utanfor ekteskap både i 1685 og 1694 med to ulike kvinner,[1] men det hindra ikkje at han kunne ta over lensmannsembetet i Jostedalen etter faren. Han er nemnd som lensmann i 1703[2] og skal ha hatt lensmannsembetet til han døydde kring 1728.

Han er truleg identisk med den Anders Olson som er nemnd som kyrkjeombodsmann 1687-1692. Han var bror til Martha Olsdotter, som var gift med den føregåande kyrkjeombodsmannen Knut Andersson Grov.

Anders Åsen kjøpte to andre gardar i Jostedalen som han leigde bort: eitt av bruka på grannegarden Ormberg i 1711 og Bjørkehaugen under Mjølver kring 1720.

Våren 1694 var Anders Åsen sjuk i "landfarsotten" utan at det er klart kva sjukdom det var (Kvitrud).

Anders og Anna Åsen fekk ni born:

  • Eli Andersdotter (1700-1740), gift med gardbrukar og kyrkjeombodsmann Halvor Larsson Espe
  • Sjur Anderson Åsen (1702-1740), gardbrukar på Nedrelid og lensmann etter faren
  • Sophia Andersdotter (1704-1789), husmannskone i Fortun, Luster
  • Gunnhild Andersdotter (1706-1739), gift med gardbrukar Christen Erikson Sperla
  • Anna Andersdotter (1708-1772), gift med gardbrukar Paul Andersson Li
  • Henrik Anderson Kreken (1710-1782), gardbrukar i Kreken, kyrkjeeigar og ei kort stund klokkar
  • Britha Andersdotter (1713-1774), gift (1) med Anders Erikson Ormberg, (2) med Lars Erikson Ormberg
  • Ole Anderson Åsen (1719-1784), gardbrukar i Åsen og klokkar
  • Lage Andersson (1719-1784), gardbrukar på Bringe i Luster

Notar

  1. Laberg 1948, s. 193; Laberg 1939, s. 48
  2. Tingbok for Indre Sogn 1703

Litteratur