Austrått

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 63°42′14″ N 9°44′35″ Ø


Austråttborgen ved Trondheimsfjorden er ein gammal norsk herregard.

Austrått (tidlegare skrive Østråt, Østeraat og Austråt), er ei borg og ein historisk herregard i Ørland kommune ved utløpet av Trondheimsfjorden og sørvestenden av Fosenhalvøya. Austrått ligg sentralt plassert både i landskapet Fosen spesifikt og på kysten av Midt-Noreg generelt, og det har vore kjent som sete for fleire sentrale personar i norsk historie sidan 1000-talet.

Borganlegget slik det står i dag blir tilskrive rikskansler Ove Bjelke, som skal ha sluttført anlegget kring 1656. Borga brann ned i 1916. Atteroppbygginga begynte i 1920-åra og var ferdig i 1961. Borga var tidlegare ein del av ein større jordeigedom, men jorda er no fråskilt. Staten eig sjølve borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvisningar frå juni til august.

Borgporten med våpenskjolda til eigarane i kleberstein.
Foto: Karin Størseth

Namnet Austrått kjem truleg av norrønt austr og átt, som skal tyde austleg himmeleign eller austerut.

Historie

Skeggi Asbjarnarson (Jarnskeggi, død 997), er den første personen som finst nemnt i samband med Austrått. Skeggi vart drepen av Olav Tryggvason, og Snorri Sturluson fortel at Jarnskeggi vart gravlagt i Skjegghaugen på Austrått, utan at vi kan veta sikkert kva for ein haug det er snakk om.

Austrått er ein av dei eldste stormannsgardane i Noreg. På 1000-talet budde lendmann Finn Arnesson her. Han var måge med kongane Olav II Haraldsson av Noreg («Olav digre», «Heilag-Olav») og Harald Hardråde. Finn vart uven med kong Harald i samband med broren Kalv sin skjebne. I tida etter Finn vart ikkje Austrått nemnt att i historiske kjelder på 80 år. Truleg var garden krongods i denne tida. Frå 1130 var Kåre Sakseson, kjent som Kåre kongsbror, herre på Austrått. Han vart etterfølgt av sonen Sigurd Kåresson og sonesonen Jon Sigurdsson. Det var truleg Jon som bygde kapellet. Dottera hans Jon, Baugeid, eigde deretter Austrått. Ho var gift med Åsulv Eiriksson, som var Hertug Skule sin banemann.

Rømer / Bjelke

Tegning av Gerhard Schøning, ca 1774
Loggiaen, hvor godsets herre poserte som Guds og Kongens representant.
Foto: Karin Størseth

Vi veit lite om eigedomsforholda til Austråttgodset på 1200- og 1300-talet. På 1400-talet kom herregarden inn i Rømerætta, trulig med Otte Rømer (ca 1330–ca 1411) som den første eigaren i ætta. Riksråd Jep Fastulvsson stod som eigar frå kring 1400 til 1428. Enkja hans, Elsebe Ottesdatter Rømer,[1] arva godset etter Jep i 1428 og satt med det til kring 1444. Truleg var det gjennom Elsebe sin familie at Jep Fastulvsson først fekk godset i hende. Jep og Elsebe sin son Narve Jepsson[2] eigde herregarden i fire år før han dødde. Bror hans, Mads, gjorde krav på Austrått etter at Narve dødde, men eigedommen kom etter kvart i hendene på enkja Philippa Borkvardsdotter Krummedike og deretter dottera Gjertrud Narvesdotter[3]. Gjertud budde aldri på Austrått sjølv. Ho gifta seg kring 1462 med den svenske riddaren Magnus Green og selte Austrått til stefar sin, Philippa sin nye mann Henrik Jensson.

Ibsens skodespel Fru Inger til Østeraad har gjort Austrått og den kvinnelege eigaren kjent. Men stykket er ei fri dramatisering med lite dekning i historiske kjensgjerningar.

Etter at Henrik Jensson dødde ein gong mellom 1472 og 1478 var det syskenbarnet hennar Gjertrud, Otte Madsson Rømer, som i 1478/1481 tok tilbake garden på odelsrett. Otte sjølv er lite skildra, men dottera, svigersonen og dotterdøtrene er godt kjent for ettertida: Riksråd og rikshovmeister Niels HenrikssønGyldenløve») (ca 14581523) og kona hans, Ingerd Ottisdotter («Fru Inger til Austrått») (ca 14701555) eigde garden ca 1500–1552. Fru Ingerd var ein av dei mest markante personane i Noreg i reformasjonstida. Niels var son av den tidlegare eigaren Henrik Jensson. Gjennom ekteskapet hans med Ingerd vart det dermed slege strek over ein arvefeide mellom to familiegreiner.

Det er truleg at deler av borga slik ho står i dag vart bygd på Niels og Ingerd si tid [4], truleg var det i denne tida at opphaldsromma og venstre halvdelen av hovudbygninga vart oppført. Ingerd levde anonymt inntil mannen hennar dødde i 1523, men som enkje stod ho fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør. Både historikarar og dramatikarar har festa seg ved maktspelet mellom fru Ingerd og erkebiskop Olav Engelbrektsson. Biskopen hadde plyndra Austrått tre gonger og medverka at to av svigersonene til Ingerd vart drepne. På den andre sida var ikkje fru Ingerd nokon helgen heller: Ho fór aggressivt fram i flere tvilsamme arve-rettsaker.[5].

Enkjefru Ingerd overførte i 1552 Austråttgodset til dottera Lucie Nilsdatter og svigersonen Jens Tillufssøn Bjelke. Ingerd og Lucie drukna i 1555 under ei båtreise på Sunnmøre. Jens dødde i 1559, og sonen Aage Bjelke (15521603) tok over Austrått i ein alder av sju år. Formyndaren hans var Henrik Nielsson, morfaren Niels sin son frå eit tidlegare ekteskap. Aage drukna i Bjugnfjorden, og enkja hans satt med Austrått i seks år før ho overdrog det til sonen, rikskansler Jens Bjelke (15801659). Bjelke hadde embete som kansler frå 1614, som lensherre til Bergenshus frå 1633, i Stavanger frå 1641, og seinare på Elingård. I Åge Bjelke og Jens Bjelke si tid fekk godset auke i inntekta på grunn av det rike sildefisketTrøndelagskysten1600-talet.

Ove Bjelke (16111674) var gift tre gonger: først med Maren Juel (død 1643), så i 1647 med Regitze Gedde (16291657), og tredje gongen i 1660 med Hedvig Lindenow (163578). Våpenskjolda til alle fire går att på Austrått, mest dei tre første.

Ove Bjelke (1611–1674), som forpakta Austrått frå 1641, overtok både Austrått og rikskanslerembetet da faren Jens dødde i 1659. Som lensherre til Bakke kloster hadde Ove vore i stand til å opphalde seg regelmessig på Austrått og styre utviklinga der. Vi trur at herregarden slik han står i dag er resultat av innsatsen hans. Det er ikkje tvil om at borggarden, fløybygningane, borgporten og utforminga av hovudtroppa kan knytast til honom. Ove Bjelke var utdann i Padova i Italia, og både sentraltårnet og søylegangane har truleg forbilde der.[6] Samtidig inneheld sentralaksen frå loggiaen eit klårt uttrykk for einevaldstida sitt verdsbilde, med kansleren som representant for Kongen, og derved òg Gud.

Ingen av dei tre døtrene til Ove Bjelke tok over Austrått. Garden gjekk til Ove sin brorson Christoffer Bjelke, son av admiral Henrik Bjelke. Christoffer eigde Austrått frå 1674 til 1686, men var knapt nokon gong der og selde godset vidare til syskenbarnet sitt, Christian Frederik von Marschalck (ca 16501719). Marschalck, som var rikskansler som onkelen sin, Ove Bjelke, førte Austrått til konkurs. Han reiste frå Austrått til Danmark i 1698 og overlét godset til kreditorane i 1699. Hovudkreditorane var Den norske krigshospitalkasse og andre offentlege finansapparat. Med det var Austrått ikkje lenger eit adelsgods, og godset mista samtidig setegardsprivilegia.

Holtermann

Abraham Pedersen Dreyer (16711736) var lagmann i Trondheim, berghauptmann og ein aktiv investor. Han kjøpte Austrått i 1721, etter at godset hadde vorte drive av futen i Fosen for kreditorane i tjue år. Dreyer budde aldri der, men finansierte ei oppussing. I 1736 selte han Austrått vidare til sorenskrivar og kanselliråd Søren Dass, som busette seg på herregarden. Dass er bisett i gravkapellet. Enkja hans selte i 1760 til kommerseråd Hans Holtermann (17091781),[7] noko som innleidde 103 (113) års eigarskap frå Holtermannslekta. Den første Holtermann selte frå godset eigendommar i Stjørna. Han var truleg den som fekk sett opp dagens gambreltak på borga til erstatning for det tidlegare saltaket. Han overdrog garden til sonen Eiler Hagerup Holtermann (17481800).[8] Både i Eiler og i sonen Ove Bjelke Holtermann (1782-1857)[9] si eigartid vart fleire leiglendingsbruk selte frå godset.

Kring 1770/1790 importerte Eiler Hornemann kveg frå Irland og Nederland.[10] Dette vart grunnlaget for ein eigen rase kjent som austråttfe, og som gjennom lån av avlsoksar var dominerande i fealet på Ørlandet og i dee nærmaste nabobygdene frå 1806 til 1902.[11] Karakteristisk for Austråttfeet slik det vart framole av Ove Bjelke Holtermann var djupraud kroppsfarge og kvitt hovud.

Presten Eiler Hagerup Holtermann (18111872)[12] tok over etter far sin i 1857, men budde sjølv lite på Austrått, hovudsakleg på grunn av prestestillingane. Eiler Holtermann selte unna Gjølga, ein større skogeigedom i Bjugn før han selte Austrått til Anders Gravrok i 1863.[13] Gravrok satt med Austrått i seks år før han gjekk konkurs. Eiler H. Holtermann var den einaste som baud på garden, og i 1871 vart han eigar av Austrått att. Han dødde i 1872. Enkja hans, Anna Andrine Holtermann rakk å selje unna Tarva før Austrått vart selt til godsforvaltaren hennar, oppdalingen Ole Rise (18351899)[14] i 1873.

Bønder og finansfolk

Etter at Rise hadde eigd Austrått i ni år, vart garden kjøpt ut av den neste eigaren, Johannes Heftye (18491907). Rise busette seg i Stjørdalen, heimbygda til kona hans, der han kjøpte Ree gård. Han eigde òg Sundnes brenneri på Inderøya ei tid. Rise sin innsats på Austrått er omdiskutert.[15] Det var meieridrift på Austrått, truleg frå 1858, fram til meieriet brann ned for andre gong i 1879.

Johannes Heftye eigde Austrått frå 1882 til han dødde i 1907. Han kom frå ein rik kristianiafamilie og var son av Thomas Johannessen Heftye. Johannes Heftye budde sjølv på Austrått og arbeidde aktivt for å gjenskapa eit herregards- eller borgpreg både inne og utvendig. Heftye var «eksentrisk» etter lokale mål og kom i konflikt med ørlendingane. Ein strid om bruk av vegrett førte til at Heftye fyrte av eit skot og ved eit uhell drap ein mann den 26. desember 1899.

Stortingsmann og spekulant [16] Peder Rinde (18441937) eigde Austrått frå 1908 til 1912. Han slakta eigedommen og selte ei rekkje parsellar. Eit formelt skilje mellom Borga og Garden som separate eigedommar vart gjennomført i 1912,[17] men vart ikkje realisert før av ein seinare eigar. Rinde selte i 1912 til Kristiania-kapitalisten (konsul og verkseigar) Georg Walentin Hammer,[18] som eigde Austrått i to år. Både under Rinde og Hammer var agronom Olaf Arnstad gardsbestyrar. Etter Hammer vart Austrått kjøpt på auksjon i 1914 av eit konsortium [19] som vart utgjort av skogeigar Simen A. Landet, bryggerieigar Gunnerius Flakstad og advokat Hans Christian Bull Heyerdahl. Alle tre var heimehørande i Hedmark fylke, og dei to første var direksjonsmedlemmer i Oplandske Kreditbank.

Borgruinen etter brannen i november 1916.

Etter brannen den 28. november 1916 hadde sameiget liten interesse eller evne til å attreise Austråttborga. I 1919 overdrog dei Borga til staten, medan Simen Landet beheldt jordeigedommen Austråttgarden. Dødsboet hans overdrog jordeigedommen til kommunen i 1935. Kommunen selte vidare til Sør-Trøndelag fylke i 1947 med tanke på at garden skulle bli landbruksskule. Dette vart det ikkje noko av, og jorda vart selt tilbake til kommunen att i 1965. Ørland kommune eig no det som er att av jordeigedommen, kring 1 500 dekar.

Utstrekninga på jordegodset

Det kan vera vanskeleg å slå fast kor stort Austråttgodset har vore. Enkelt sagt har godset i si tid eigd alt av nærområda sine i Fosen som ikkje var kyrkjegods. I tillegg har nokre av eigarane eigd jordegods andre stader i Noreg utan at dette har vorte rekna som del av og integrert i Austråtteigedommen. Eigedommen knyta til Austrått, eller, meir presist, til Herren til Austrått, var truleg på sitt største under Ingerd Ottisdotter og etterkommarane hennar fram til Jens Bjelke. Etter Jens Bjelke vart godset delt mellom dei åtte borna hans.[20].

Når det gjeld Jens Bjelke, så finst det fleire framstillingar av utstrekninga av eigedommane hans,[21] alle baserte på Bjelke si eiga jordebok, utarbeidd på bestilling frå kong Frederik III i 1648. På dette tidspunktet var godset truleg på sitt aller største; i tilleg til det tidlegare Austråttgodset forvalta Jens Bjelke da arva etter mor si, fru Margrethe Thott, som hadde hatt Tønnøl som enkjesete. Denne arva vart delt mellom fleire arvingar i 1649. I 1651 laut Bjelke pantsette Holla. Han hadde tidlegare hatt eigedommar andre stader, som Hatteberg og Mel i Sunnhordland, og lause gardar i andre deler av landet.

Austråttborga til venstre, jordeigedommen Austråttgarden til høgre. Austråttgarden er tusenårsstaden i Ørland kommune.
Eigedommane til Jens Bjelke i 1648
Distrikt Herregard eigd av Bjelke Tal på gardar og leiglendingar knytte til herregarden
Fosen Austrått 83 gardar, 107 leiglendingar
Fosen Tønnøl i Nes 31 gardar, 35 leiglendingar
Fosen Storfosen gods, Storfosna 21 gardar, 35 leilendinger
Fosen Holla i Hemne 26 gardar, 38 leiglendingar
Nordmøre Kanestraum 19 gardar, 23 leiglendingar
Hedemarken Hovinsholm i Nes 31 gardar, 30 leiglendingar
Hedemarken Skredshol i Ringsaker 20 gardar, 21 leiglendingar
Østfold Elingård i Onsøy 41 gardar, 49 leiglendingar
Østfold Kjølberg i Onsøy 23 gardar, 26 leiglendingar
Østfold Evje i Rygge 25 gardar, 26 leiglendingar
Østfold Sande i Tune 36 gardar, 40 leiglendingar
Østfold Veden i Tistedal 12 gardar, 11 leiglendingar
Østfold Herrebrøden i Rokke 10 gardar, 12 leiglendingar

Til saman oppgav Bjelke sjølv at dette utgjorde 1 438 tynner hartkorn.

I ei samanstilling av adelen sine jordebøker frå 1639[22] står 56 adelsmenn med eit samla jordegods på 9 605 tynner hartkorn. Av dette eigde Jens Bjelke den gongen 12 %, tilsvarande 1 124 tynner. Bjelke var suverent rikast; nestemann på lista var statthaldar Christoffer Urne med eit jordegods tilsvarande 558 tynner.

Til Austrått. Av dei 83 gardane som låg til Austrått i Jens Bjelke si jorddbok låg dei aller fleste i datidas Ørland prestegjeld (Ørland, Bjugn og Stjørna). Fem låg i Jøssund, fem i Åfjord, fem i Roan og ein i Stoksund.

Bygninga

Bilde fra 1857. Austrått har spor frå mange hundreår. Ladegarden på nordsida er forlengst borte, men hovudbygninga, gravkapellet og borggarden med sidebygningar, porttårnet og portalen mot sør står att.

Borga har vore gjennom fleire byggje- og omformingsstadium i løpet av dei kanskje 800 åra ho har funnest. Sidan 1650-åra har borga vore bygd kring ei eldre kyrkje. Føre denne steinkyrkja frå kring 11501210 stod det truleg eit gudshus av tre her i kring 150 år.[23] Kyrkja fekk seinare nytt interiør i barokk stil, men fleire skulpturar heilt tilbake frå 1200-talet finst bevarte. Sentralakse-tårnet på borga var i si tid det vestlege tårnet på kyrkja.

Borga i si noverande form stod truleg ferdig i 1656. Legenda vil ha det til at den andre kona til Bjelke, Regitze Gedde, var lite fornøydd med dei daverande bygningane på Austrått, og at ho egga han til byggjearbeid med kommentarar som “Fjøsa på Sem er finare enn husa her».[24] Dei bygningane som framleis står, samanbygde med sperremurane til eit heile, utgjer berre ein del av det tidlegare anlegget.

I dag er det berre representasjonsdelene av herregarden som er bevart, medan økonomi- og driftsbygningane er fjerna, truleg på slutten av 1800-talet. Både nord og vest for dagens hovudbygg fanst det bustadhus og driftsbygningar, jfr. teikninga frå 1857.

Borga er bygd i renessansestil, men utsmykninga er barokk. Dette viser seg allereie ved hovudporten. Våpenskjolda til Ove Bjelke og dei to første konene hans er prega i kleberstein over porten, og ned langs sidene finst skjolda frå fleire generasjonar av formødrer.[25]

Bygninga er utprega symmetrisk; det er 33 m frå foten av hovudtroppa til tårnet og 33 m frå foten av hovudtroppa til hovudporten.

Kapellet med inventar

Utdjupande artikkel: Austrått borgkapell

Omvising i borgkapellet under kongefamiliebesøket i 2006

Kapellet, med dei merkbart tjukkare murane sine, utgjorde truleg heile høgresida av den noverande hovudbygninga, med kring 13 meter opp til mønet. I vestenden fanst det smalare tårnet som i dag er sentralaksen i hovudbygninga. Den låge himlinga kapellet har i dag skriv seg frå ombygginga av borga på 1600-talet. I tårnet kan det tidlegare ha vore eit privat kapell for slottsherren i etasjen over grunnplanet. Attast i kapellet står ein skiljevegg, truleg oppført som kor-skranke kring 1620, men seinere flytta attover i kyrkja. Kapellbenkene har utskorne vangar, og éi av benkedørene finst att

Altartavla i barokkstil frå 1650-åra er måla og utskoren av anonyme kunstnarar. Måleriet viser korsfestinga, medan dei utskorne englane på ramma viser fram pasjonsreiskapar som naglar og tornekrone. Nedst på altertavla, under bildet, er våpenskjolda til Bjelke, Juul og Lindenow utskorne. Kalk og altardisk i sølv frå 1655 finst på Austrått. Ein messehakel frå 1662 herifrå finst i kyrkjesamlinga til Vitenskapsmuseet i Trondheim. Den utskorne preikestolen er frå tidleg 1600-tal.

I tillegg til altartavla finst fire av dei sju måleria med bibelske motiv som Ove Bjelke skaffa til kapellet att. Sju av i alt ti skulpturar frå mellomalderen vart berga under brannen i 1916. Den viktigaste av desse er Austråttmadonnaen, ein av fire skulpturar i kapellet som skriv seg frå perioden 12201260 og som anten er importerte frå Nord-England eller utskorne i Trondheim av ein engelsk handverkar. Her finst òg to Olavsskulpturar, ein frå 1300-talet og ein frå 1400-talet.

I eit gravkammer attom kyrkjerommet, med inngang attom altaret, finst kistene til Ove Bjelke, dei to første konene hans Maren Juul og Regitze Giedde, og dessutan den seinare eigaren av borga sorenskriver Søren Dass (d. 1757). Gravkammeret vart bygd i 1667 av Ove Bjelke. Kistene var nedgravne på Ørland kyrkjegard frå 1859 til 1928. Dei vart tilbakeførte til borga på olsokdagen 1928 under ein stor seremoni med 3 000 tilskodarar.

Hovudbygninga

Teikningar av grunnplana til borga

Hovudbygninga er bygd kring kapellet, uvisst kva tid men truleg sluttført av Ove Bjelke i 1665/66. Over kapellet og i høgre delen av hovudbygninga ligg den store slottssal, no kalla Riddarsalen. Salen har truleg vore bruka til representasjonsoppgåver og formelle anledningar. På Ove Bjelke si tid var salen pryda med 11 måleri; det viktigaste av dei var eit portrett av kong Christiern IV. I restaurert stand inneheld salen lekamsstore portrett av Ove Bjelke og dei tre brørne hans Jørgen, Henrik og Christian. Salen har eikegolv med innleggsarbeid etter mønster frå salen sitt tidlegare golv frå 1700-talet. Før dette var det teglsteinsgolv lagt i mønster der. Kaminen frå tida kring 162550 i nederlandsk renessansestil blir rekna til det mest fornemme på Austrått.[26] På vestveggen, mot forstua/tårnaksen, finst det to eikedører, rekonstruert etter dei opprinnelige dørene frå 1600-talet.

Borga med pyramiden i forgrunnen

I andre etasje vestanfor tårnet finst det to rom, der det første er større enn det andre. Det første har vorte bruka som opphaldsrom og inneheld både ein kamin og ein kakkelomn. I Ove Bjelke si tid fanst det ei våpensamling her. Ein tinntallerken, laga i Hamburg i 1666, med Ove Bjelke og Hedvig Lindenow sine våpenskjold, finst på dette rommet i dag. Det inste, mindre rommet var delt i to separate rom fram til kring 1800: Herren og Frua sitt sovekammer.

Første etasjen i den vestre delen av hovudbygninga var kjøken og anretning frå slutten av 1800-talet av. I dag ligg det kombinert kafé og kunstutstilling for besøkjande der.

Tårnspiret har initialane E.H. og årstalet 1781, etter det året da Eiler Holtermann tok over Austrått frå far sin.

Borggarden og sidefløyene

Bygget fekk si noverande, innbygde form i 1656.

1600-talet vart hovudbygninga supplert med støttemurar, to sidefløyer med bustadsrom og eit porttårn med portal og eit bustadsrom. Ytre sett framstår borgen med dette som tilnærma kvadratisk. Det er en vesentleg nivåforskjell inni borggarden, slik at terrenget i øvre del av borggarden ligg på nivå med svalgangen og andreetasjen i sidefløyene. Grunnfjellet er synleg både i grunnen i nedre borggard og i overgangen. Både øvre og nedre borggard er hellelagt. Troppa mellom nivåa er frå 1600-talet.

Karyatide: Ei av dei fem kloke jomfruene.

Inni borggarden er det svalgangar utanfor andreetasjen i sidefløyene, og søylene som held taket til sidefløyene er utskorne trefigurar. På langsidene er det ti brurepiker, fem kloke og fem uforstandige, kjente frå Jesu liknelse i Matteusevangeliet i Det nye testamentet. På vestenden av borggarden står to småe englar og fire mannsfigurar fra Det gamle testamentet: Moses, Josva, Elias (Elia) og truleg Gideon. Dei opprinnelige figurane frå 1600-talet var barokkprega, men rekonstruksjonane frå 1950-åra er utført i eit strammare formspråk.

Sentralt på hovudbygninga, som eit dominerande trekk både ved bygninga og ved borggarden, er ei tropp med autentisk smijarnsgitter, dobbelt løp og ein loggia med tre bogar. Over loggiabogane står våpenskjold og bibelvers som stadfestar borgherren Ove Bjelke sitt opphav og status. Sett frå borgherren sin posisjon øvst i troppa gjev dei ti brurepikene symbolsk meining der dei fordeler seg med de dårlege til venstre og de gode til høgre.

Liknelsen om brurepikene står i Matteusevangeliet.[27] Rett etter dette står ei biletleg framstilling av Guds dom: “Så skal kongen seie til dei på høgre sida si: ‘Kom hit, dere som er velsignet av min Far’”. Dei som står på venstresida hans blir dømte motsett: “Så skal han seie til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna.’” Slik er utforminga av bygget med på å understreke borgherren si rolle som Riksherre og Kongens representant, og dermed indirekte Guds stadfortredar i landet og på herregarden. Utvalet av karyatide-figurar frå Det gamle testamentet er òg med på å vise kven borgherren ser som sine likemenn: lovgjevaren, hærføraren og profeten.

Pyramiden

Over hoveddøra, inne i loggiaen står denne innskrifta på latin på ei kopparplate:

Dette byggverket har Ove Bjelke overgjeve etterslekta å bevara med Guds hjelp

Pyramiden

Ein firkanta, mura steinpyramide på sørsida av borga ber ei minnetavle med innskrifta

Her bær den Sted nu Korn som fordum haffuer baaren den dyre Rigens Mand af Herren sielff udkaaren Jens Bielcke, som i Fem og Fyrretiuffe aar Rett Landsens Fader och To Kongers Kandtzler waar

Minnetavla ber i tillegg våpenskjolda til Ove Bjelke og de tre konene hans og ein latinsk tekst som fortel at Bjelke, «ein elska fars første son og etterfølgjar i embetet», sette opp minnesmerket i året 1665. Stilhistorisk sett er det ikkje truleg at pyramiden vart oppsett i 1665.[28] Det kan tenkjast at minnetavla har stått ein annan stad tidlegare og har vorte flytta til pyramiden da han vart oppsett ein gong på 1700-talet, men føre 1774.[29].

Frå brannen i 1916 til notid

Kapellet, fullstendig utbrent

Austråttborgen brann ned natta mellom 28. og 29. november 1916. Brannårsaka var etter alt å dømme eit lynnedslag. Alt trevirket i bygninga brann ned, inkludert dei fjorten utskorne karyatidane på svalgangen rundt borggarden. Fleire personar deltok i bergingsarbeidet, og dei greidde å berge det meste av kyrkjeinventaret.

Sju av dei ti mellomalderskulpturane vart berga, saman med preikestolen, kyrkjesølvet, altartavla, benkevangane, fire av dei sju måleria, 4 epitafar og to tinnfat. Gardsbestyrar Julian Frengen og naboen Peder Hagemo var to av mennene som deltok i arbeidet med å berge kyrkjeinventaret. Dei fekk kongens fortjenstmedalje i sølv allereie i januar 1917. [30]

I tida 191419 hørte borga til eit sameige. Eigarane hadde ikkje nokon føresetnader for å restaurere borganlegget, og dei prøvde å overdra borga til Fortidsminneforeningen. I 1919 kom staten inn som eigar, og dei begynte å restaurere borga. Restaureringa vart gjort i samarbeid med «Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider» og med Wilhelm Swensen som leiar. Restaureringa var ferdig i 1961. Ved et lykketreff hadde Austråttborga vorte omfattende oppmålt og bygningsmessig skildra av arkitekt Lorentz Harboe Ree og kunsthistorikar Fredrik B. Wallem året før brannen. Denne registeringa var avgjerande for at det lét seg gjera å byggje opp att borga.

Austråttmadonnaen frå 1220 hadde vorte delt i to under bergingsaksjonen, men vart sammenføydd att i ei restaurering. Dei nye karyatidane i borggarden vart utførte i 195356 av Oscar Lynum, Knut Skinnarland, Kristofer Leirdal og Tone Thiis Schjetne.

Staten eig i dag borga med Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim som forvaltingsorgan. Borga er open for omvising frå juni til august. Borghagen og den tilliggjande Austråttlunden har vore landskapsvernområde sidan 1975.

Kyrkja blir framleis bruka til gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i sommarhalvåret. Ho er spesielt populær som vigselskyrkje. Riddarsalen blir bruka til konsertar i sommarhalvåret, og dessutan til humanistisk konfirmasjon.

Sjå òg

Galleri

Fotnotar

  1. Terje Sørensen: Elsebe Rømer
  2. Terje Sørensen: Narve Jacobsen
  3. Terje Sørensen: Gjertud Narvesdatter
  4. Bratberg/Andersen: “Det hadde vært forbudt for adelen å befeste sine gårder siden slutten av 1300-tallet, men kong Hans ga i sin håndfesting av 1483 adelen rett til å bygge faste hus.”
  5. Halvard Bjørkvik skriv i Norsk biografisk leksikon at “ho var godsrik og hadde sans for økonomi og godsdrift, men kunne nytte ufine middel for å nå sine mål”; han nemner tre større rettssaker som ho tapte.
  6. Astrid Dahlsveen. «På sporet etter Ove Bjelke i Italia», i Årbok for Fosen, 2000, s. 137-140
  7. Terje Sørensen: Hans Holtermann
  8. Terje Sørensen: Eiler Holtermann
  9. Terje Sørensen: Ove Bjelke Holtermann. Ove Bjelke Holtermann er òg far til arkitekten P.H. Holtermann
  10. Ola Syrstad: «Framande ferasar i Fosen på 1800-talet» i Årbok for Fosen, 2007
  11. På eit møte i 1902 vart det vedteke å utvikle ayrshireblandingane i Trøndelag til ein eigen rase kalla raudt trønderfe, og austråttfeet vart absorbert av denne nye rasen; ref. Syrstad ibid.
  12. Terje Sørensen: Eiler H Holtermann
  13. Namnet finst og skrive som Anders Eliassen Gravraak; jfr. Terje Sørensen: Anders Gravraak
  14. Terje Sørensen: Ole Rise
  15. Andersen/Bratberg skriv: “Rise ... har fått et dårlig ettermæle som en mann som utarmet eiendommen og kun var interessert i å vri mest mulig penger ut av den”; medan lokalhistorikaren Terje Sørensen skriv: “Ole Rise drev jorda godt, satte i stand driftbygningene og bygde et tilbygg til fjøset. Det ble kalt ‘Risefjøset’. Han fikk premie for godt fjøsstell i 1875, og ble premiert på utstillinger for buskap og meieriprodukter.»[1]
  16. Orda «spekulant» og «slakte» blir bruka av Andersen/Bratberg.
  17. Yrjar heimbygdslag: «Gården Austrått»
  18. Terje Sørensen: «Georg W. Hammer»
  19. Terje Sørensen: «Simen Landet»
  20. Jens Bjelke hadde i alt 14 born, og åtte av desse overlevde honom.
  21. Nielsen, s. 380–389; Hosar 1980 og 1981
  22. Hosar 1981, s. 118.
  23. Som apropos til tanken om ei tidlegare trekyrkje: Gardsnamnet Hov finst kring 3 km nordvest for Austrått.
  24. Legenda blir attgjeven i Ree & Wallem, s. 28. Merk at Regitze Gedde voks opp på Sem. I nokre versjonar av denne historia blir det referert til «Fjøsa på Elingård». Dette er etter alt å tyde feil, ettersom Elingård var Ove Bjelke sin oppvekststad
  25. Ettersom Ove Bjelke førte same våpenet som far sin og farfar sin, er tidlegare generasjonar identifiserte med nettopp formødrene sine våpenskjold for variasjonens skyld; på Ove Bjelke si side først mor hans, Sophie Brockenhuus, deretter farmora hans, Margrethe Thott.
  26. Bratberg/Andersen
  27. Matteus 25:34ff, jfr. bibelen.no
  28. “Pyramider som reiser seg rett opp av bakken var ikke i bruk på 1600-tallet. Man hadde pyramider på sokkel (‘obelisk-pyramider’), mens egentlige pyramider kan ses først i løpet av 1700-tallet” (Bratberg/Andersen)
  29. Pyramiden er skildra i Gerhard Schøning si bok Reise som giennem en Deel af Norge i de Aar 1773, 1774, 1775 paa Hans Majestets Kongens Bekostning er giort og beskreven, som vier fleire sider til Austrått. Dateringa kan da passe med den engasjerte eigarskapsperioden til Søren Dass i tida 17361760.
  30. Stein-Arne Solberg, som har skrive ein artikkel om brannen, meiner at det “må bero på informasjonssvikt overfor Riksantikvaren” at ikkje Paul Skjæret og Jens Bakken fekk tilsvarande medalje for sin innsats òg.

Litteratur

Den norske kongefamilien i borggarden under besøk i juni 2006, på veg til kroningsjubileet i Trondheim
  • Håkon A. Andersen. Austrått. NKIM, 1992 ISBN 82-90502-11-7 (engelsk utgave, 1995: ISBN 82-90502-14-1)
  • Håkon A. Andersen og Terje Bratberg. Austrått, herregård i tusen år. NKIM, 2006
  • Anka Borch. Jomfru Birgit. Damm, 1951. (Ny utg 1996 ISBN 82-91745-00-5) - faktadrama for ungdom
  • Yngvar Hauge. Arven fra Østråt. Aschehoug, 1964 Digital versjonNettbiblioteket
  • Hans P. Hosar. «Herre og tenarar på Jens Bjelkes gods i Fosen på 1600-talet» I: Årbok for Fosen, 1980
  • Hans P. Hosar. Herre og bønder på Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet, ein studie i føydal utbytting i Norge. Oslo, 1981. Hovudoppgåve i historie, Univ. i Oslo
  • O. J. Johansen. Norge i det 17de århundre og slekten Bjelke til Østråt. 1928 (pdf)
  • Yngvar Nielsen. Jens Bjelke til Østråt, Norges riges kantsler. Kristiania, 1872 Digital versjonNettbiblioteket
  • Lorentz Harboe Ree og Fredrik B. Wallem. Østraat. 1916. (Ny utg 2006 ISBN 978-82-91745-05-3)
  • Stein-Arne Solberg «Austråttbrannen i 1916» I: På leit etter liner..., glimt fra Ørlands historie, 1973 (pdf)
  • Wilhelm Swensen. Austråt. Trondheim, 1961

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Austråttborgen» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i GNU Free Documentation License. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.