Den 1. august 2025 skifta Norsk lokalhistorisk institutt navn til rett og slett bare Lokalhistorie ved Nasjonalbiblioteket.
Dette er kun en navneendring for å få samme navneform som andre seksjoner, og innebærer ingen andre endringer for Lokalhistoriewiki eller andre sider ved vårt arbeid.

Capitaine des armes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Capitaine des armes var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa i 1747 og erstatta med kommandersersjant.[1] Nemninga er fransk og kan omsetjast med den som har ansvaret for våpentenesta ved kompaniet (stell, vedlikehald og lagring), kanskje òg opplæring i bruken saman med dei andre underoffiserane.

Da graden vart avskaffa var det iflg. Odlaug s. 157 for å finansiere oppsettinga av landvernet.

Graden ser ikkje ut til å ha vore i bruk ved dei nasjonale (utskrivne) avdelingane før inn på 1700-talet, kanskje innført i samband med Store nordiske krig.[2] Men ved dei gevorbne (verva) avdelingane ser den ut til å ha vore brukt i alle fall frå kring 1660.[3]

Referanser

  1. Christophersen s. 11
  2. Kjelland, Arnfinn:Eige arbeid med militære ruller frå 1. Oplandske nasjonale infanteriregiment frå 1662 til ca 1813.
  3. Søk på ‘Armes’ i Ovenstad på nett gir stort sett berre treff på offiserar som har hatt graden ved teneste i verva avdelingar. Men ein får òg m.a. treff på Jens Rolandsen Bagge, som var Capitain des armes ved Trondhjemske nasjonale infanteriregiment i 1659. Da er det nemnt at graden vart sløyfa ved regimentet i 1661.

Kjelder og litteratur

  • Christophersen, Bjørn 1978: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo.
  • Kaptein i Norsk historisk leksikon.
  • Odlaug, Gustav 1928: «Underofficerene», i Norsk militært tidsskrift s. 153-184.
  • Ovenstad, Olai 1948: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18- januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk Slektshistorisk Forening.