Foto av Ola Bergfall, truleg frå 1920-talet Foto: Ukjend
Ola Ingvald Larsson Bergfall (Bergfald) (fødd 1896, død 8. desember 1928) var ein gardbrukar og fråhaldsmann frå Bergfall på Ertvågsøya i Aure kommune. Han studerte ved Nordmøre fylkesskule på Bremsnes i Averøy.
Bergfall var ein sentral person i Aure fråhaldslag, som var eit lokallag av Det Norske Totalavholdsselskap. Elles var han leiar av Bergfall songkor (på folkemunne kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje").
Aure fråhaldslag æra Ola L. Bergfall med ein minnestein, etter at han døydde av lungebetennelse berre 32 år gamal. I kyrkjeboka har presten i kolonna for merknader ved gravferda skrive: «Ola Bergfall: En nordmann i hvem der ikke var svik». [1] Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på Nordmøre". Og i 1929, året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre fylke av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. Blant anna deltok Ole E. Flovik, sokneprest i Aure frå 1922 til 1936, med ein minnetale om Bergfall. Les mer …
Hans Grøn Bull: «Et og Andet om Edøe-Præstegjeld paa Nordmøer»
Edøe-Præstegjeld, som ogsaa kaldes Smølens Kald, adskilles fra Hitterens Præstegjeld i Fosens Fogderie paa den nordøstre Kant ved Ramsøe-Fjord, en bred Arm af Havet, og paa den vestre fra Øen Grib ved den vide Havaabning Gribhølen, samt fra Qvernæss ved den 1/2 Miil brede Talg-Søe, som gaaer imellem Øen Tustern og Nordlandsøen samt den lille Øe Skorpen i Dalesundet ved Christiansund, paa den østre og søndre fra Oure og Stangvig; imod Nord er Havet. Dette Kald har fordum ligget under Oure da dets Annexer Odden, Bratvær og Veien bleve betjente af en residerende Capellan, som boede i Bratvær-Sogn, for en ring Løn af Sognerpræsten paa Oure, og denne betjente Oure- og Edøe-Kirker; Veien imellem disse to Kirker er haard og henved 2 Mile lang. Les mer …
|