Serveren er oppgradert. Om dere oppdager feil, kan dere melde fra til webserver@lokalhistoriewiki.no.

Forside:Fiske og sjøfart

Fra lokalhistoriewiki.no

Gå til: navigasjon, søk
Om portalen
Fiske og sjøfart har vært viktige næringsveier siden mennesker først slo seg ned i Norge. Landet har en svært lang lystlinje, og i innlandet finner man fiskerike innsjøer og elver. Allerede i vikingtiden markerte Norge seg som en sjøfartsnasjon, og den norske handelsflåten har flere ganger i historien vært blant de største i verden.
Mest lest
Smakebiter fra artikler
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl med Terje Brevik ved roret.
Olve Utne (29. juli 2007)
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les mer…

MB «Timann» a
MB «Timann» eller Holmegrisen: M 46 VA, eigd av Holsvik notlag, Austefjorden i Volda. 33,8/12,0/5,5 fot, fyrste gong fiskeriregister for Volda 1948, ukjent byggeår, motor «Union» 1934, 15 HK. «Timann» var kjøpt «synnja i Stadt» (sør om Stadt) slik mange av dei brukte samtidige «gavlane» (gavlbåtane) til notbruk. På tur rundt Stadt på nordtur i skikkeleg ruskever reiv lagra på motoren seg grunna for lite tilførsel av olje. Dei berga seg så vidt til land på nordsida og fekk slep til Volda Mekaniske Verkstad for reparasjon.Ved kjøp hadde båten smal og liten lugar med full høgde i breidd med rorhuset, seinare utvida til full høgde i båtbreidd. Der var fire køyer i lugaren og ei bak maskina i maskinromet. Her overnatta ti mann i båten når dei var på fiske, den som låg inst i køya i maskinromet sleit med å få luft og ville stadig vekk kovne.   Les mer …

MB «Rolf»
MB «Rolf» var mellom 1951 eller 1952 til notdrifta var slutt i 1963 storebåten i Holsvik notlag. Om båten kanskje ikkje var spesielt fin eller velhalden var det ein staut båt, rekna som den største av notbåtane i dei tre store laga inst i Austefjorden. Den hadde ein frisk motor (sjølv om den var ein fante til «å rase av», på same måte som mange samtidige motorar) og gutungane som høyrde til i notlaget meinte naturlegvis at «Rolf» gjekk raskast ved kappkøyring mellom notbåtane. Kappkøyring var det når det var fisk det skulle setjast not på eit stykke unna, ein måtte kome fyrst og sleppe øyrebåten. Den som fyrst hadde notenden i sjøen hadde rett å setje nota.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet.


Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen.   Les mer …

Hoydal sett fra N
Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.

I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Om kvar bolk var 960 mauskar, som er standard lengde, veit ein ikkje. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.

Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse.   Les mer …