Gardar i Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gardar i Jostedalen er ei liste over dei 26 matrikkelgardane i Jostedal sokn, som tilsvarar den tidlegare Jostedal kommune, no ein del av Luster kommune i Vestland fylke.

Gjeldande gardsnummer og offisiell skrivemåte er nytta. (Sjå Garder i Luster for ei liste der òg bruk under matrikkelgardane er med.)

Gardsnummer og namneform i 1666- og 1838-matriklane er tekne med. Inndeling og nummerrekkjefølgje på matrikkelgardane vart fastslege med 1838-matrikkelen.

Gnr Gardsnamn 1666-matrikkelen 1838-matrikkelen
186 Myklemyr 1. Mycklemyr – 2. Nedre Mychelmyr – 25. Mychelmyr 1. Myklemyr
187 Ormberg 13. Ormberg 2. Ormberg
188 Fossen 3. Foessen 3. Fosen
189 Sperla 4. Sperle 4. Sperle
190 Åsen 5. Aasen 5. Aasen
191 Nedrelid 6. Nederli 6. Nedrelid
192 Bruheim 8. Bruuemb 7. Breum
193 Jostedal prestegard --- 8. Jostedals Præstegaard
194 Bakken 7. Bachen 9. Bakken
195 Bjørk 9. Birch 10. Bjørk
196 Vamberg --- 11. Vamberg
197 Ytri --- 12. Yttri
198 Kjervik 11. Krichen 13. Kjærsviken
199 Kreken 10. Kieppe 14. Kjeppe
200 Espe 14. Espe 15. Espe
201 Elvekrok 18. Elffuekrog 16. Elvekrok
202 Mjølver 17. Mielduer 17. Mjælvær
203 Li 12. Lie 18. Lien
204 Nedre Fåberg 15. Nedre Faaberg 19. Faaberg nedre
205 Øvre Fåberg 16. Øffre Faaberg 20. Faaberg øvre
206 Haugen 24. Hougen 21. Hougen
207 Hellegård 23. Hellegaard 22. Hellegaard
208 Kruna 22. Cronnen 23. Kronen
209 Snøtun 21. Snetun 24. Snetun
210 Grov 20. Grouff 25. Grov
211 Bergset 19. Berreseter 26. Bergsæter


Kjelder og litteratur