Grendi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grendi sett i frå Tveitå.
Foto: Reidar Tveito

Grendi er ei bygd i Bygland kommune. Ho ligg aust for Byglandsfjorden, og nord for tettstaden Byglandsfjord.

Namnet tyder rett enkelt «grenda». Den lokale uttalen er grenna, men kommunen vedtok i 1970-åra at skrivemåten skulle vere Grendi[1].

Det var tidlegare barneskule i Grendi, og skulebygningen er no grendehus. Postkontoret, 4742 Grendi, er nedlagt og vart erstatta av post i butikk. Nord i grenda låg Grendi Handel med posten. Butikken vart nedlagt 3. desember 2013, og berre bensinsalg er att. Heilt sør i bygda ligg Almedal sagbruk. I nærleiken av kyrkja ligg det tidlegare Landeskogen tuberkulosesanatorium som husar Landeskogen Peace centre, og festivalar og arrangement som til dømes Landeskogen litteraturfest sidan 2014.

Årdal kyrkje ligg i Grendi.

Referanser

  1. Sjå Kartverkets faktaark i kjeldelista.

Kjelder

Koordinater: 58.70687° N 7.82499° Ø