Johannes Asbjørnson Hus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Asbjørnson Hus (Bjørk) (fødd 6. mai 1751 i Ullensvang, død 10. februar 1833 i Jostedalen) var gardbrukarson. Han kom til Jostedalen som klokkar i 1790 og hadde stillinga livet ut. Han òg kona Martha Larsdotter frå Bakken i Jostedalen dreiv òg garden Bjørk der dei busette seg i 1791. Dei fekk skøyte på garden 1. juni 1796.

I 1793 kjøpte Hus Jostedal kyrkje, som hadde vore i privat eige sidan det store kyrkjesalet i 1723. Han sat truleg med kyrkja så lenge han levde.[1] Det var såleis Hus som i 1802 inngjekk eit forlik med allmugen om betalinga av kyrkjetienda.[2] I 1794 gav han og kona ei kalk og ein disk i sylv til kyrkja med innskrifta «J.A.S ---M.L.D 1794». Dette er framleis i kyrkja.[3]

Biskop Claus Pavels, som ikkje strøydde om seg med ros av lærarar og klokkarar, sa i 1818 om Hus at "hans embedsførsel var upåklagelig, men han udmerket sig ikke ved sin duelighed".[4] Hus var lite nøgd med løna, som i 1818 vart auka frå 10 til 15 spesidalar årleg. I 1823 prøvde han å få det til slik at klokkaren på Voss skulle betala ein årleg pensjon til han, men det gjekk ikkje. Han søkte òg om å bli klokkar i Kvinnherad utan hell, men han fekk 16 spd meir i løn, truleg av Opplysningsvesenets fond.[5]

Johannes Hus står som den andre av tretten underskrivarar på adressa til kongen i samband med valet til Riksforsamlinga i mars 1814.[6] Noko overraskande skaffa han seg aldri røysterett. Grunnen var truleg at han var 63 år i 1814, og at det var ein lang og strevsam tur til tinget i Dale der grunnlovseiden måtte avleggjast for at han skulle få røysterett.[7]

Johannes og Martha fekk ni born i lag, og sju av dei voks opp:

  • Eli Johannesdotter (1792-1872), gift med gardbrukar Halvor Olson Vamberg, foreldra til klokkar Johannes Halvorson Vamberg
  • Halvor Johannesson (1796-1845), som tok over Bjørk
  • Siri Johannesdotter (1799-1840) gift med gardbrukar Lars Larsson RøneidRøneid i Gaupne
  • Christi Johannesdotter (1805-1864), gift med husmann Rasmus Olson på Rabben under Bjørk
  • Johanna Marie Johannesdotter (1807-1860), gift 1) med husmann Ole Sjurson Stegen, og 2) med husmann Søren Torbjørnson Stegen
  • Martha Johannesdotter (1812-1834)

Notar

  1. Øvregard m.fl. 2010, s. 69
  2. Tiendforretninga 1802
  3. Øvregard m.fl. 2010, s. 107
  4. Laberg 1944, s. 80, jf. Øvregard 1996, s. 314
  5. Laberg 1944, s. 81
  6. 1814: Val til Riksforsamlinga (Jostedal historielag)
  7. Rekonstruert manntal 1814-1838 med kommentarar (Jostedal historielag)

Litteratur og kjelder

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
  • Johannes Asbjørnson Hus i Historisk befolkningsregister.


Forgjengar:
 Lars Olson Bjørk 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ole Olson Aasestølen