John Rongved

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
John Rongved

John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Johnsen Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.

Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen). Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil. Han og Aasne fekk fem born.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Carl Fredrik Falkenberg 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Johannes Oscar Langmuir