Leirdølautbygginga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Utbygginga av Leirdølavassdraget skjedde i åra 1974-78 og er eit av dei store kraftanlegga i Sogn og Fjordane. Utbygginga var mykje omstridd på grunn av brotne lovnader om industriarbeidsplassar til kommunen. Vassdraget ligg i Leirdalen, ein sidedal til Jostedalen i Luster kommune.

Separat utbygging

Statskraftverka i 1966 byrja arbeidet med ein samla plan for kraftutbygging i Breheimen/Jotunheimen, var Leirdølavassdraget ein del av det store utbyggingsområdet.

Parallelt med utgreiingsarbeidet til Statskraftverka byrja arbeidet med ein samla plan for vern av vassdrag. I juli 1969 oppnemnde Industridepartementet og Kommunaldepartementet Kontaktutvalet kraftutbygging-naturvern, leia av vassdragsdirektør Hans P. Sperstad. I innstillinga (avgjeve 30.12.1970) konkluderte Sperstad-utvalet med at Leirdøla var eit av dei minst kontroversielle vassdraga for kraftutbygging og kunne frigjevast for konsesjonshandsaming. Statskraftverka tok difor Leirdøla ut av den samla Breheimen/Jotunheimen-planen og la fram ein separat plan sommaren 1971 for utbygging av Leirdølavassdraget.

Krav om industriarbeidsplassar

Natur- og miljøomsyn gjorde seg lite gjeldande i samband med utbygginga, og striden kom ikkje til å stå om vassdraget skulle byggjast ut, men om dei økonomiske vilkåra for utbygginga. Det politiske miljøet i den næringssvake Luster kommune hadde lenge hatt von om større kraftutbyggingar i kommunen, men såg at eit reint økonomisk vederlag ikkje var nok for å stogge avfolkinga. Kommunestyret kravde difor i desember 1971 at "den eller dei verksemder som får kraft frå dei vassdraga som ligg i kommunen må verta pålagde å byggja opp ei eller fleire verksemder som kan gje eit høvande tal arbeidsplassar innan Luster kommune". Dette skal ha vore fyrste gongen ein kommune nekta å drøfte utbygging og konsesjonsvilkår før ein hadde fått sikre lovnader om arbeidsplassar i kommunen.

Dette var ikkje oppfylt i konsesjonssøknaden som hovudstyret i NVE sende til Industridepartementet 19. mai 1972, og kommunestyret i Luster reiste kravet om arbeidsplassar på nytt i oktober. 2.-3. mars 1973 fekk Årdal og Luster vitjing av industriminister Ola Skjåk Bræk (Venstre) i Korvald-regjeringa, og på eit folkemøte på Luster ungdomsskule sa han at han ikkje ville fremje proposisjonen om utbygging av Leirdøla før arbeidsplassane var sikra.

Strid i Stortinget

Då Bræk la fram proposisjonen om utbygginga to månader seinare (4. mai 1973), vart kravet frå kommunen likevel avvist. Departementet fann det "vanskelig å kunne gi kommunen medhold i at ikke ett av de mange uutbygde vassdrag i kommunen skal kunne bygges ut før kommunen har fått en garanti om nye varige arbeidsplasser".

Saka vart teken opp i eit interpellasjonsordskifte av Oddleif Fagerheim (Arbeidarpartiet) frå Sogn og Fjordane. Debatten vart eit hardkøyr der industriminister Bræk til ein viss grad kom kritikken i møte, og proposisjonen vart ikkje handsama av Stortinget våren 1973.

Etter valet i oktober 1973 skipa Trygve Bratteli regjering med Ingvald Ulveseth (Hordaland) som industriminister. Han hadde delteke i hardkøyret mot Bræk i interpellasjonsordskiftet om Leirdøla. Den 8. mars 1974 la han fram ein ny proposisjon om leirdølautbygginga, og i mellomtida hadde departementet arbeidd med arbeidsplasspørsmålet. I proposisjonen heitte det at Akergruppen var viljug til å etablere ein mekanisk verkstad i Gaupne i samarbeid med Årdal og Sunndal Verk (ÅSV), som òg ville ha ein eigardel. Verkstaden skulle produsere delar for oljeindustrien, særleg for verkstadene i Akergruppen. Proposisjonen nemnde ei utbygging med ca 100 arbeidsplassar i fyrste omgang, stigande til 200 i løpet av tre år "og til 300 etter fire-fem år". Innstillinga frå stortingskomiteen kom 22. mai, og Stortinget vedtok Leirdølautbygginga 6. juni 1974.

Kraftutbygging, men ikkje industri

Gaupnegrandane vart det 200 dekar store industriområdet fylt ut og planert, ein djupvasskai bygt og fundamenta for dei store industrihallane støypte. I 1975 kasta likevel Akergruppen og ÅSV korta på grunn av nedgangstider i industrien og overetablering av verft og mekaniske verkstader.

På dette tidspunktet var kraftutbygginga i full gang. Anleggsarbeidet kom i gang våren 1975, og på det mest hektiske sommaren 1976 arbeidde 227 personar på anlegget. Det vart bygt krafttunnel frå Tunsbergdalsvatnet og to bekkeinntak, og kraftstasjonen vart sprengd ut 420 meter inne i fjellet nord for garden Stegagjerde, der Fonndøla kjem ned i Jostedalen. Steinfyllingsdammen på Tunsbergdalsvatnet fekk ei reguleringshøgd på 38 meter. Kraftstasjonen fekk ein installasjon på 115 MW, og gjennomsnittleg årsproduksjon er 451 GWh/år. Leirdøla kraftverk kom i produksjon hausten 1978.

Dette var den fyrste utbygginga der Sogn og Fjordane fylkeskommune nytta høvet til medeigarskap. Kraftselskapet SFE (no Sogn og Fjordane Energi AS) fekk 35 prosent av eigardelen i Leirdøla.

Vestsideelvane

Overføring av dei åtte Vestsideelvane i Jostedalen (frå Myklemyr til Krundalen) var ikkje med i dei opphavlege planane. Fleire av elvane, og særleg Sagarøyelvi, valda store materielle skadar i storflaumen i 1979. Etter dette vart det eit krav frå mange i Jostedalen og frå Luster kommune om at elvane måtte overførast til Tunsbergdalsmagasinet og Leirdøla kraftverk. Statskraftverka laga ein konsesjonssøknad for utbygginga i 1986, men let vere å sende han på grunn av dårleg økonomi i utbygginga. Statkraft søkte om konsesjon til utbygginga i 2011, men trekte søknaden sommaren 2012 før han var ferdig handsama av NVE.

Kjelder og litteratur