Lesjaskog kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesjaskog kyrkje i 2009.

Lesjaskog kyrkje (før 1855 Lesjaverk kyrkje) vart bygd ved Lesja jernverk i åra 1695 til 1697 av eigarane av verket. Utgiftene til bygginga vart rekna til ca 600 riksdalar, og ho var derfor å rekne som ei «bedriftskyrkje».

Det er uklart når Lesjaskog sokn eigentleg vart oppretta som anneks under Lesja prestegjeld. Verkseigaren Pål Holst Irgens stod for ombygging av kyrkja i 1767.

Etter at drifta ved jernverket vart avvikla i åra kring 1800 kom spørsmålet om plasseringa av kyrkja opp, for verket låg i eine enden av det lange soknet, og hovudtyngda av folket både lenger vestover ved Lesjaskogsvatnet og Bjorlie. Alt i 1826 vart det søkt om å få flytte kyrkja, men det vart avslag. I 1845 kom saka opp att, og i 1848 fekk bygdefolket ved kongeleg resolusjon løyve til å flytte ho. Flyttinga vart utført i 1855 og den gamle kyrkja vart innvigd som Lesjaskog kyrkje på grunn frå Øverlie ved Mølmen 20. september det året.

Kyrkja var utan oppvarming, så kring 1870 vart det bygd ei kyrkjestugu på nedsida av den gamle kongevegen gjennom bygda.

I 1909 vart kyrkja restaurert. I 1964 vart det bygd ny Lesjaverk kyrkje på tufta der den gamle verkskyrkja hadde stått. I kyrkjeregisteret til Riksantikvaren er kyrkja her innført som Lesjaverk I i perioden 1695–1855 og deretter som Lesjaskog I. Den nye kyrkja på Lesjaverk har nemninga Lesjaverk II.

Treskurden[1]

Over midtre korboge ser ein eit markand krusifiks. Under ser ein symbolet «den siste fiende» (døden), og på sidene to kvinnefigurer, truleg Maria Magdalena og Maria, Jesu mor. Under bogen står monogrammet til regjerande dansk-norske konge da kyrkja vart bygd, Kristian 5. Det har to løver utstyrt med kvar sin hellebard. På kvar side står ein skulptur, den eine med sverd og den andre med kors. Kvar for seg representerer dei statsmakta og kyrkja. På nordsida av korskranken står tre figurar. Den midtre er litt høgare enn dei andre, har sverd og krone, og kan symbolisere ein av kongane i bibelhistoria. Også dei andre kan ha bibelhistorisk symbolikk. På søre sida av skranken, på høgd med kanten på preikestolen, står ein figur med rikseplet. Preikestolen står høgt, noko som nok har samanheng med den strenge ortodokse kyrkjelæra på 1600-talet; ordet skulle forkynnast grundig. I framkant er dei fire evangelistane plasserte. Alteret er enkelt, men altertavla har nattverdsinnstiftinga malt i hovudfeltet. Skulpturane på sida er truleg Moses og døyparen Johannes (med lammet). I andre høgda Jesus med sigersfane flankert av apostlane Peter (med nøkkel) og Paulus. I toppstykket er Kristus løfta opp over «historisk grenser».

Treskruden i kyrkja er utført av Luchas Nielsen Gram, også kalla «Eliasmesteren». Han dekorerte òg Innset kyrkje, Kvernes kyrkje, Herøy kyrkje og Rovde kyrkje.[2]

Fordelinga av kyrkjebenkane

Den originale fordelinga av kyrkjebenkane i Lesjaskog kyrkje er halde vedlike. Kyrkjeskipet ligg orientert aust-vest, og karane skulle sitte på sørsida og kvinnene på nordsida. Dørene til kvar benk har påmåla kven som skulle sitja der.

Dei første fem benkane var for verksfolket:

  • No 1 De Herrer Partisipanter
  • No 2 DIRECTEUREN og Hans Folck
  • No 3 Masmesteren formenn Hammersmedene og deris Suenne
  • No 4 Snickerne, Grube Arbeiderne og Klen Smedene
  • No 5 Koulbrender og Andre Werchets Folck

Frå nr 6 kjem så gardane på Skogen:

På motsett side er teksten stort sett den same på alle benkane:

  • Quindene som deris mends Stol Lige i mod er.

Og heilt bakast er det ein benk på kvar side med eit slags «gitter» i framkant og på sida. Etter tradisjonen skal dei som var dømde til straffarbeid på jernverket sitje her. Dørene til desse benkane har påmalt kvart sitt bibelord.

Bilde frå Lesjaskog kyrkje

Kyrkja er inngår i Kulturminneområdet kring kyrkja.

Referansar

  1. Etter Østerås 1986.
  2. Gram 1982.

Litteratur og kjelder

  • Berg, Per Sigmund 1968: Lesja Jernverks Historie. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo. Trykt i Årsskrift for Lesja historielag (utan fotnotar) 1983-1986.
  • Gram, H. T. 1982: Trønderslekten Gram : med oversikt over andre nåværende Gram slekter i Norge. Oslo, Eget forlag Digital versjonNettbiblioteket side 13ff.
  • Rønningen, Gunnar: Lesjaskog kirke - verkskirken fra 1697 og tidens byggeskikk. I Lesjaskog kyrkje 300 år 1697-1997. Lesjaskog menighetsråd
  • Einbu, Sigurd og Ola Skotte 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna Utg. Lesja kommune. Digital versjonNettbiblioteket særleg s. 96-106.
  • Østerås, Otto 1986: Refleksjoner i et kirkehus fra 1600-tallet. i Årsskrift for Lesja historielag s. 36-48.

Eksterne lenkjer

Koordinater: 62.23310° N 8.34723° Ø