Rasmus Wibye

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Wibye (fødd kring 1696 i Danmark, død våren 1761 i Helleland) vart cand.theol. 24. april 1726. Han var kapellan til HellelandJæren til han 24. september 1733 vart utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld, og han heldt gudsteneste i Jostedal kyrkje fyrste gong 16. juli 1734.

Han og familien drog i juni 1738 til København for å søkje eit betre prestekall. Formelt var Wibye likevel sokneprest i Jostedalen fram til 14. april 1741 då han vart utnemnd til sokneprest til Klepp. Den 7. mai 1756 vart han så utnemnd til sokneprest til Helleland.

Litteratur




Forgjengar:
 Hans Christian Frørup 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Christopher Munthe