Ustaoset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikt mot Ustaoset fra Usteberget.
Foto: Morten Wiig Letnes (2008)

Ustaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh.) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell vart bygd og hyttebyen vaks fram.

Topografi

Ustaoset stasjon 2009.
Foto: Marianne Wiig.

Ustaoset er naturleg avgrensa mellom Hallingskarvet i nord og Nordre Nordmannsslepa i sør, og mellom Vardeggi og Hyttun i aust og Karistølbekken- og tangen i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller Ustevatnet nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i Sløddfjorden ved Haugastøl.

Namnet

Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller Ustaelva renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg [1] heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".

Namnet kom ikkje i bruk før med jernbanen. Før den tid sa ein Osestølen eller berre Oset.

Den fyrste busetjinga

Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Menutane. [2] I Riksantikvarens Kulturminnesøk er det dessutan registert buplassar frå steinalderen i Lauvvika, ved Verpestølen og ved utlaupet av Ustaelva. [3]

Funna frå jern- og mellomalder syner at det har vore stor jernblåsteraktivitet kring Ustevatnet, truleg også handel med jern. Her er funne kolgroper, jernvinner og restar etter slagg, til dels i dei same områda som steinalderfunna er gjort, mellom anna i Lauvvika[4] og ved Vikastølen[5], dessutan ved Hornbustølen[6] og Verpestølen[7]. Dei dreiv truleg med myrmalsmelting til inn på 1500-talet.

Nedanfor Menutane, i nærleiken av buplassane frå steinalderen, er det funne tufter etter ein buplass frå jern- eller mellomalder.[8] Det finst også restar etter fangstanlegg frå same tid fleire stader. Ved Reinsvaet, ned for dei bratte Reinsvahaugane, ligg ei samling dyregravar. Namnet gir ein peikepinn om kva slag dyr dei kunne få i gravene.[9].

Stølsdrift

På 1600-talet var folketalet i Hol aukande, og i løpet av 1700-talet dobla det seg. Gamle gardar vart delte og nye rudd, og det vart trongt om plassen både i gamle og nye grender. Fjellet, heilt opp til Usta, vart ekspansjonsområde ikkje berre for dei næraste bygdene, men også for gardar så langt aust som i Holet. Kring langstølane var det gode fiskevatn, beiteområde og jaktmarker. Om langstølane på Ustaoset fyrst vart rydda på 16-1700-talet er usikkert. I skriftlege kjelder dukkar dei opp frå 1700-talet i samband med kjøp og sal. Før dette låg dei helst i sameiger.

Midt på 1800-talet nådde talet på stølar i drift ein topp før folketalet gjekk ned som følgje av mellom anna utvandringa til Amerika. Presset på jorda vart mindre, men nedgangen i stølsdrifta gjekk likevel langsomt fram mot andre verdskrigen.

Kartlegginga av seterbruket i Hol i 1930-åra[10] syner at det berre var fem bruk som ikkje hadde støl, og at 70 % av dei hadde to eller fleire. Av og til flytta dei mellom heime-, mellom- og langstøl same sumaren. Eller dei brukte stølane på skift frå år til år. Dette gjeld også nokre av stølane på Ustaoset. Det var vanleg at to-tre stølar låg saman, men store stølsgrender fanst ikkje i Hol. Kvar støl hadde gjerne ei bu og ei løe, og på Ustaoset var desse gjerne av stein og bygd inn i bakken. Stølane hadde ikkje fjøs, så dyra sto i ei innhegning inntil graset var slått. Dei fleste stølane hadde dessutan steingjerder kring seg, som vanleg var der vollane vart slått. Mange stølar vart brukte som slåttestølar lenge etter at dei var ute av vanleg drift. Men i 1939 var enno 95,5 % av kyrne i Hol på støl om sumaren.

Gå til oversyn over langstølar på Ustaoset.

Dei fyrste turistane

Frå midten av 1800-talet begynte fotturistane å vandre i Hol. I Reisehaandbog over Norge frå 1893 (7. utg.) skildrar Yngvar Nielsen ulike ruter frå Geilo til Ustaoset og vidare innover mot Hardangervidda. Han rådde til å starte frå Tufto, den siste garden i Ustedalen, og å gå om Smettbakstølen til ”Osesæteren” eller ”Gjeitli sæter” (truleg Osestølen og Geilelie). Derifrå kunne ein ta båt over Usta. Ole O. Vindegg var mellom dei som rodde turistar over vatnet. Om ein ikkje fekk tak i båt, rår Nielsen til å gå over Usteåne og forbi stølane kring Usteberget og om Monsbu til Krækkjahytta (bygd i 1878). Frå Tufto kunne du leige fjellførar som mellom anna tok deg til Krækkjahytta for kr 7, til Haugastøl for kr 5 og til Hallingskarvet for kr 3. Dette var prisar utan hest. Blant fjellførarane var Erik Tufto, Lars O. Slettemoen og Torleiv Reinton.

Utanbygds jegarar og fiskarar

Til liks med fotturistane, fatta også jegarane interesse for fjella i Hol før Bergensbanen vart opna. Nokre av dei kjøpte opp jaktområde i fjella i stor målestokk, mellom anna på Ustaoset. Mange grunneigarar leigde bort eller selde jakt- og fiskerettar og heile stølar til forretningsfolk med jaktinteresser. Dette ga bøndene raske pengar, men kunne samstundes vere del av ei meir langsiktig planlegging frå bøndene si side. Dei kunne rekne som ganske sikkert at jegarane ville trenge fjellførarar, handle mat på stølane og kanskje også byggje hytter på tomtene sine. I 1897 rapporterte lensmann Lars Hammarsbøen til landbrukskommisjonen om jaktforholda i kommunen. Det var da berre Osestølen og nokre andre stølar under gardane Vindegg og Kaupang som hadde forpakta bort jaktterreng til utanbygdsfolk. ”En hel del jagttærræn er solgt til Byjægere,” skriv lensmannen.[11]

Bergensbanen

Telt satt opp ved Osestølen på Ustaoset i samband med stikkinga av Bergensbanen.
Foto: Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv.

Med jernbanen vart det marknad for lønnsarbeid på Ustaoset. Fleire av stølseigarane fekk seg attåtnæring, fyrst i samband med anleggsarbeidet, men etter kvart kom dei største biinntektene frå turistane som gjekk av toget på Ustaoset stasjon.

Bergensbanen vart offisielt opna i november 1909, men alt frå slutten av 1890-talet auka aktiviteten langs med Ustevatnet. Fyrst skulle traseen stikkast, og dei som arbeidde med dette budde gjerne i teltleirar, mellom anna ved Osestølen. Frå 1903 kom sjølve anleggsarbeidet mellom Haugastøl og Geilo i gong, under leiing av ingeniør Kvam. På Ustaoset leigde Ola M. Vindegg ut rom til jernbanefolka i det som seinare skulle bli Ustaoset hotell. Om vintrane var det liten aktivitet på jernbanen. Då vart det berre arbeidd i tunellane. Men tidleg på våren kom anleggsarbeidarane vandrande oppover dalen i store flokkar. Få av desse var hallingar, men nokre av dei gjorde hallingar av seg.

Hausten 1905 var det meste ferdig langs Ustevatnet, og 9. oktober 1907 var skinnene mellom aust og vest klare til å koplast saman. Det skjedde ved tunnelen rett aust for Ustaoset under ei uoffisiell, men høgtideleg markering. Dei frammøtte frå jernbanen, bygda og pressa, vart møtt med grøne greiner og norske flagg og underhaldt med talar og ”Ja, vi elsker”. Ingeniørane Harald Skavlan og Peter Støren kom med tog frå kvar sin kant og fekk skrudd saman skinnene med skøytejern i raudt, kvitt og blått. Deretter vart toga kopla saman og kursen sett vestover.

At banen skulle gå gjennom Hallingdal og Ustedalen var ikkje sjølvsagt. Stortinget vurderte fleire trasear, og både Numedal og austre dalføret i Hol var aktuelle alternativ. Statsbanane hadde heller ingen planar om stasjon på Ustaoset, men dei la eit militært kryssingsspor her, og det ga stølseigarane grunnlag for å søkje om mellombels stasjon i setertida. Snart kom turistane med på laget, og desse viste seg å vere ei sterk pressgruppe. Frå 1911 stansa toga på signal i påsken, og året etter stoppa dei her heile året.

Fastbuande før og etter Bergensbanen

I nyare tid kjenner me til fast busetjing ved Ustaoset berre i ein tjueårsperiode frå slutten av 1700-talet. Då bygsla Gudbrand Holgeson og Kari Embrikksdotter stølseigedomane i Kjersundlien, som låg under Mehus i Kvisla. Paret bygde plassen Plassen, der dei budde mellom 1792 og 1814 med ein ungeflokk på åtte.

Jernbaneutbygginga og turismen endra næringsgrunnlaget til fleire av stølseigarane på Ustaoset. Allereide frå slutten av 1890-talet vart einskilde stølar brukt som bustader heile eller store delar av året. Det vart òg sett opp nye bustadhus. Staden trekte til seg folk både frå andre hallingdalsbygder og frå heilt andre stader i landet, mest frå Vestlandet, og frå mange ulike miljø.

Ein trengte folk til å arbeide ved stasjonen, hotellet og etter kvart også butikken, posthuset og telegrafen. Med fleire fastbuande vart det dessutan bruk for skule, men dei fyrste åra måtte elevane frå Ustaoset reise til Haugastøl og i seinare tid til Geilo.

Uferdig artikkel: Denne artikkelen ble forlatt før den var klar - arbeid gjerne videre med den.
Se diskusjonssiden for eventuelle merknader.


Fotnotar

  1. NRK Hordalands Språkspalte.
  2. Funn registert i tilvekstkatalogen til Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo.
  3. Treff på Ustevatn, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  4. Treff på Lauvvika, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  5. Treff på Vikastølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  6. Treff på Hødnestølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  7. Treff på Verpestølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  8. Treff på Menutane, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  9. Treff på Reinsvahaugene, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  10. I samband med seterbruksgranskinga til Instituttet for sammenlignende kulturforskning.
  11. Gjengitt i Under Hallingskarvet, 2009, s. 38.

Litteratur

  • Lensmannsrapport frå 1897, avgitt til Den parlamentariske landbrugskommisjonen. I: Under Hallingskarvet 2009, s. 38.
  • Nielsen, Yngvar: Reisehaandbog over Norge. 7. rev. utg., 1893.
  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. Aschehoug, 1955-61.
  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune, 2000.


Koordinater: 60.4994° N 8.0415° Ø