Strandstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandstaden Høllen i Søgne.
Foto: Ukjent (1952).

Strandstad er eit ord for ein mindre tettstad eller tettbygd område ved kysten. Dette var ikkje ein formell status, og gav ingen privilegiar, så det må ikkje forvekslast med ein ladestad.

Strandstaden var gjerne ei husklynge på ålmenning eller leigd grunn, med små og enkle bustadhus. Dei fleste som budde der var strandsittarar, og dei kunne livnære seg ved fiske, handel, vertshusdrift, handverk eller anna arbeid. Nokre strandstader hadde kapell eller kyrkje, og dei kunne ha ein marknadsplass. På Vestlandet var det óg vanleg med ei klynge av sjøbuer i strandstaden.

Fleire større tettstader og byer starta som strandstader, mellom anna Haugesund og Egersund.

Kjelder og litteratur

  • Grude, Egil Harald. Strandsted og ladested : Egersund fram til 1880. Utg. Eigersund kommune. 1996. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Strandsted i Norsk historisk leksikon.
  • Østensjø, Reidar. En by blir till : Haugesunds utvikling fra strandsted til ladested ca. 1835-1855. Utg. Lothes Bokhandel A/S forlag. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.