Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Gerson Karpol (f. 27. januar 1865 i noverande Litauen; d. 1947), òg skrive Gerson Karpel og Gernos Karpol, var ein litauisk-fødd, jødisk handelsmann og gardbrukar som kom til Norge i 1890-åra og er nemnt i Den israelitiske menigheds protokoll i 1897. Under anleggstida til Raumabanen frå 1913 av dreiv Gerson ein butikk i Verma øvst i Romsdalen. Frå 1918 til andre verdskrigen dreiv han og familien eit gardsbruk på Harpefoss i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Gerson og kona Jette overlevde krigen, men tre av borna deira vart deporterte og drepne av nazistane vinteren 1942/43. Gerson og Jette døydde i 1947 og vart gravlagde på Helsfyr gravlund i Oslo. Les mer … Grorud, gnr. 94 i nåværende Oslo kommune, er en matrikkelgård i tidligere Aker herred, Østre Aker sogn. Den eksisterer ikke lenger som gårdsbruk, men utgjør nå en del av strøket eller drabantbyen Grorud i Oslo. Arealet, der det iallfall fram til 1960-åra fremdeles fantes jorder og havnehager, er nå dominert av boligblokker, industri og annen næringsvirksomhet, med små eldre villastrøk innimellom. Gården har gitt navn blant annet til Bydel Grorud, Groruddalen, Grorud kirke og en rekke andre steds- og institusjonnavn. Våningshuset til det som ble Øvre Grorud gård (gnr 94 bnr. 196) ligger i dag i Grorudveien 13. Det er fra 1830-årene og er det eneste som er igjen av denne gården. Grorud har en historie som strekker seg langt tilbake i middelalderen. Den eide store områder, og lå ved Gamle Trondheimsvei, sentralt i forhold til det som alltid har vært en av hovedferdselsårene inn til Oslo. Les mer …Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862 på Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen.
Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område. Les mer …
|
Ukas artikkelPeter S. Brandal (fødd 21. desember 1870, død 23. mars 1933) var selfangstreiar og Svalbardpioner. Han var ein av pionerane innan moderne selfangst og ein forgrunnsfigur i næringa i fleire tiår. Han starta selfangstreiarlag, seloljedamperi og sildoljefabrikk, og var med på å starte Kings Bay Kull Company på Svalbard. Peter S. Brandal kom frå den kjende ishavsbygda Brandal på Hareidlandet, rett sørvest for Ålesund. Han var nummer to i ein søskenflokk på åtte. Foreldra var Severin L. Brandal (1847-1934) og Davide P. Brandal (1842-1902). Dei fekk overta eit utmarksstykke av Peder P. Brandal, far til Davide, då dei gifte seg i 1869. Her oppe i Haugen bygde dei hus og løe og busette seg, og dyrka opp jorda med tida. Men Severin var meir fiskar enn gardbrukar. Han dreiv fiske frå unge år av og vart etter kvart skipper på fiskeskøyter frå Ålesund. Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 623 artikler og 218 256 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |