Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Ólafia Jóhannsdóttir (født 22. oktober 1863 i Nedre Mosfell på Island, død 21. juni 1924 i Kristiania) var en islandsk sosialarbeider og kvinnesaksforskjemper som innvandra til Norge i 1900-åra og ble helt sentral for utviklinga av helsetjenester og andre tilbud til fattige og utstøtte i samfunnet. Hun er særlig kjent for sitt arbeid i slummen på Grønland og Vaterland i Oslo, hvor hun er hedra med en byste i Vaterlandsparken og gatenavnet Olafiagangen. Ólafia var datter av sokneprest Jóhann Knútur Benediktsson og Ragnheiður Sveinsdóttir. Hun vokste opp hos tanta Torbjørg Sveinsdóttir (morens søster), som var leder av den islandske kvinnesaksforeninga, og onkelen Benedikt Sveinsson som var alltingspresident. Hun ble tidlig påvirka til å bli politisk aktiv med sterke meninger. Ólafia utdanna seg til lærer, og planla å starte en folkehøyskole. I 1892 reiste hun til Askov folkehøiskole i Danmark, hvor hun kom i kontakt med grundtvigianismen og ble sterkt påvirka av den. Les mer … Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862 på Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, av dette mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania. På byrjinga av 1900-talet var ho ein av hovudpersonane i eit tett miljø av framståande «norskdomsstrategar» på Hvalstad i Asker, den såkalla Askerkretsen.
Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men kan like fullt reknast som ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område. Les mer … Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke. På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet. Les mer … |
Ukas artikkelPeter S. Brandal (fødd 21. desember 1870, død 23. mars 1933) var selfangstreiar og Svalbardpioner. Han var ein av pionerane innan moderne selfangst og ein forgrunnsfigur i næringa i fleire tiår. Han starta selfangstreiarlag, seloljedamperi og sildoljefabrikk, og var med på å starte Kings Bay Kull Company på Svalbard. Peter S. Brandal kom frå den kjende ishavsbygda Brandal på Hareidlandet, rett sørvest for Ålesund. Han var nummer to i ein søskenflokk på åtte. Foreldra var Severin L. Brandal (1847-1934) og Davide P. Brandal (1842-1902). Dei fekk overta eit utmarksstykke av Peder P. Brandal, far til Davide, då dei gifte seg i 1869. Her oppe i Haugen bygde dei hus og løe og busette seg, og dyrka opp jorda med tida. Men Severin var meir fiskar enn gardbrukar. Han dreiv fiske frå unge år av og vart etter kvart skipper på fiskeskøyter frå Ålesund. Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 634 artikler og 218 296 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |