Motiv frå Valle sentrum i 1948. Frå høgre: Bergtun Turistheim, Sverre Lunds landhandel, den kvite sveitservillaen er Solheim (40/6) med Kyrvestad turistheim fram til 1968 og bakeri til 1975 då dei gamle husa brann ned, beint fram, på andre sida av vegen ligg våningshuset på Nordibø (41/1). På venstre sida, frå Nordibø, er bogevindua i Frikyrkja (41/7,11) synlege. Det framste huset på venstre sida er det gamle heradshuset, og mellom det og frikyrkja er LL Valle Handelslag såvidt synleg. Buret høyrde til Kjelleberg.
Valle, og kjend som Vallebygda, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Valle kommune i Setesdal. Det var 289 personar busett i tettstaden, den einaste i kommunen, den 1. januar 2016. Stadnamnet kjem frå norrønt vǫllr, genitiv vallar, dvs. 'voll'.