Bendik Taraldlien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bendik Kjetilson Taraldlien (1863-1951), fødd i Fyresdal og død same stad, var gardbrukar, skogbrukar, sogeskrivar og fotograf. Garden er Taraldlien Gnr. 45 og foreldra var Kjetil Bendikson Taraldlien (1834-1900) og Ingebjørg Gunleiksdotter Slystøyl (1832-1901).

Mykje av æra for at Fyresdal tidleg var i forkant av utviklinga innan skogbruket kan tilskrivast han. Han fekk utdanning ved ”Den høiere landbruksskole i Aas” og var lærar på landbruksskulen på Søve i Telemark til han tok over farsgarden i 1897.

Bendik Taraldlien
Taraldlien (Bendik Taraldlien)

Med omsyn til skogbruk vart han formann for Bratsberg Amts Skogselskap (seinare Telemark Skogselskap) då dette vart stifta 9. mars 1900. Han var og formann i lokalt skogeigarlag som då heitte Fyri Skogeigarlag, og hadde slik stor påverknadskraft i skogspørsmål.. Han reiste mykje rundt for å fremje skogsaka og i 1916 skreiv han ein artikkel ”Privatskogen av B. Taraldlien”. Han var medlem i heradstyret i Fyresdal i 25 år og formann i forstandarskapet i Fyresdal sparebank i 43 år. Han var sterkt samfunnsengasjert og skreiv ei rekke artiklar og bøker.

På eit årsmøte i ”Fyresdals Vel” 9. mars 1909 vart det etter framlegg frå han sett ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum for Fyresdal. Dette var oppstarten til Fyresdal Bygdemuseum.

Han var tidleg ute med å skrive ei bygdebok. Fyrst kom ”Fyresdal”. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Og så eit vidare arbeid: ”Fyresdal”. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo.

Han skreiv:

  • Telemark: Gamal og ny tid. 1930
  • Livs-lagnad. 1926
  • Fraa gard og heid. Skildring fraa Telemark. 1924

Som fotograf var han sers aktiv og tok ei rekkje fotografi av stader, bygningar og ikkje minst av situasjonar i det daglege folkelivet i Fyresdal. Glasplatesamlinga er i 2011 trygt oppbevara på Telemark Museum og vert vonleg etter kvart tilgjengeleg på Digitalt Museum.

Kjelder:

  • Steinar Marvik: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Lars Veum: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009
  • Lars Veum: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011