Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. nov. 2023 kl. 12:58 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Hytta i Lii 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Den lisle plassen Lii under Nordstog låg i dalsøkket mellom det gamle Gjerdentunet og der Kanada i Jåro ligg i dag, og beint nordom Myri på motsett side av vegen. Der plasstunet låg står ei lita hytte, som Olav A. Haugen sette opp etter at den gamle plasstoga datt ned. Hytta er i dag i eiga til Georg Lidtveit i Åraksbø (sjå Øystre Haugen, gnr 14, bnr 21). Plassen har aldri vore utskilt eller matrikulert, så bortsett frå den nemnde hytta høyrer han framleis til Nordstog.

Nett kva tid plassen vart busett er uvisst, men mannen i den familien som budde her vert fyrste venda nemnd som husmann her i 1867. Han var frå Nordstog, og yngste son åt Auver Knutsson på det bruket og kona, Margit Knutsdotter.

  • Olav Auversson Gjerden (y.), f 1832, d 1915
g 1858 m Ingebjørg Torleivsdotter Haugo, f 1837, d 1888.   Les mer …

Uppistog Tykkholt i snødriv 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Uppistog Tykkholt er det eldste av dei to Tykkholt-bruka i Bykle kommune. Då eigedomen vart dela i 1910, vart Tone Åsmundsdotter buande her, medan systerdottera Gunhild og mannen hennes, Eivind M. Hisdal, sette seg opp ein ny heim noko lenger nede. Då Tone døydde i 1917, overtok Eivind og Gunhild også dette bruket, og dreiv Uppistog og Nistog som ein einskap til sønene deira dela på nytt 20 år seinare.

Då Tykkholt i 1937 vart dela i to bruk på nytt, overtok Mikkel det øvre av dei.

  • Mikkel Eivindsson Trydal, f 1911, d 1995
g 1935 m Torbjørg Hallvardsdotter Bjørnarå, f 1911, d 1986.

Foreldra av Torbjørg Hallvardsdotter var Hallvard Knutsson Skarberg og Jorunn Olavsdtr. fødd Bjørnarå.

Kort etter giftemålet overtok Mikkel bruket her, og bygde på stoga. Huset sto ferdig i 1938, med ei grunnflate på 75 kvadrat i 1 1/2 høgd. I 1953 fornya han uthusbygningen. På denne tid vert buskapen på bruket oppgjeven til hest, 3 kyr og 3 kalvar, 11 sauer og nokre høns.   Les mer …

Fådapen i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Fådapen i Bykle ligg like ovanfor bnr 4 Juvet, og er eit hyrne som vart utkløyvd frå Juvet i 1914, og matrikulert same året. Landskylda vart sett til 6 øre. Ettersom det vart dela ifrå Juvet og ligg tun i tun med det eldre bruket, vert det ofte omtala med namnet Evre Juvet.

Men det andre bruksnamnet er meir kulturhistorisk interessant, og fortener difor ein merknad. Ein fådape er ein dam med bortimot stilleståande vatn, der dei fådde lin, dvs. la linplantene til bløyting, inntil rotningsbakteriane hadde løyst opp pektinet som bind basttægene og veden saman. Etter at linet var fådd vart det turka og brote, slik at ein kunne skilje dei lause vedbitane frå basttægene. Namnet her er då eit minne om den gamle lindyrkinga. Kor lenge dei dreiv med slikt i Bykle, veit me ikkje plent, men dei fleste stader vart linet utkonkurrert av bomull i laupet av dei fyrste par tiåra etter 1850.

Bakgrunnen for delinga av Juvet var truleg at det vart for trongt i den lisle stoga der etter at Åsmund Åvoldsson gifte seg i 1912. Det budde då 10 menneske der, og fleire var i kjømda.

Foreldra åt Åsmund var Åvold Knutsson Byklum og kona, Borghild Åsmundsdotter, fødd Stavenes. Åvold skreiv skøyte på bruket her til sonen i 1915, prisen var 450 kr.   Les mer …

Nesland Der heime 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Der heime var hovudbølet på Nesland i Bykle kommune.

Ved jordebytet i 1682 (sjå bolken om den udela garden) tykkjest Gunnar Knutsson, som vart sitjande med det største bruket, ha vore ein mann i 70-årsalderen. Han hadde likevel nokså unge søner, går det fram av manntalet frå 1666, men sannsynlegvis var han to vender gift. Kva konene hans heitte, veit me ikkje.

  • Gunnar Knutsson Nesland, f ca 1609-1613, d fyre 1683
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • Bjørgulv, f ca 1635, n 1664-1668, 1712, g m ukj., sjå Valle III, 628
  • Olav, n 1683, g m Tore Jonsdotter, sjå nedanfor
  • Vetle, f ca 1644, d ca 1720, ug, sjå Sygard, jfr nedanfor
  • Tone, g m Torleiv Olavsson Stavenes (e.), sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5
g 2. m ukj. Born:
  • Åsmund, f ca 1651, sjå Mosdøl
  • Nottov, f ca 1653, n 1664, lagnad ukj.
  • Knut, f ca 1654, ug., «død udi armod» fyre 1700, sjå Mosdøl
  • Gunnulv, f ca 1659, sjå Mosdøl
Gunnar åtte i 1670 attåt Nesland Der heime også 1/2 hud i Mosdøl. Me reknar med at dette er forklaringa på at tre av sønene hans sidan budde der.   Les mer …

Solhaug 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Solhaug, også kalla Bjones, ligg i breidd med Der nede i Berdalen i Bykle kommune, og vart utskilt derifrå.

Namnet Bjones kjem av at den fyrste som budde her var frå Bjones, gnr 16, bnr 8, og tok med seg heimenamnet sitt til den nye verestaden. Han og kona hans kom hit i 1897. Mannen heitte Olav, og var son åt Tarjei Tarjeisson Bjones, og kona, Margit Olavsdotter frå Skolås.

  • Olav Tarjeisson Bjones, f 1834, d 1916
g 1. 1860 m e Tone Asbjørnsdtr. Stavenes, f 1811, d 1890, ikkje born.
g 2. 1896 m Gyro Salmundsdtr. Breive, f 1855, d 1927. Born:
  • Knut, f 1898, g m Borghild Nilsen, Øyestad, sjå nedanfor
  • Salmund, f 1899, g 1. 1934 m Anne Kristine Breive, g 2. 1979 m e Turid Hallvardsdtr. Breive, f Berg 1906, sjå Hagen, bnr 5, jfr. Åsland, bnr 16
Olav hadde i 1858, saman med broren Tarjei, kaupt attende Bjones, som ei tid hadde vore i eiga åt Hallvard Ånundsson Tveiten i Mosdøl. Då han gifte seg med enka Tone Asbjørnsdotter Stavenes i 1860, kunne han difor skrivast opp som «ungkar, selveier».   Les mer …

Halvor O. Breive var ein ivrig jeger. Her er han og tre kameratar rusta til jakttur. Frå venstre: Gunnar H. Brokke, Halvor O. Breive, Hallvard H. Brokke, Olav H. Brokke. Frå Setesdalsmuseet.
Foto: Knut Jonsson Heddi

Bergland var ein bustadeigedom i Hovden sentrum, like attanfor Fjellgardstun. Det var Hallvor Olsson Breive som sette seg opp ei stoge her i 1951. Tomta vart formelt utskilt frå bnr 2 året etter. Halvor vart oppskriven som arbeidar då han døydde, og har vel då drive med slikt arbeid som var å få. Men i yngre år veit me at han dreiv som skinnhandlar og kreturhandlar og var partner i selskapet A/S Stavenes, Breive & Co i Kyrkjebygdi (sjå Solbakken, Byklum). Han var også sterkt engasjert i tamreindrifta, og leiar for Byklehei Reinsamlag A/S frå 1945 til 1954. Han var frå Breive Der uppe, og son åt Olav Alvsson på det bruket og kona Åshild Hallvardsdotter.

Hallvor Olsson Breive, f 1884, d 1963, ug

Vidare var det ein annan gamal arbeidsmann som budde her. Han hadde vore her i lag med Halvor i mange år, og Halvor hadde gjeve han rett til å sitje i huset livet ut.

Johan Andersen (Myrmo), f 1890, d 1972, ug   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar