«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.
MB «Pokal» var ein fiskebåt som vart bygd i Hardanger i 1930 og selt til eigarar i Volda. Båten gjekk i 1949 gjennom ei omfattande ombygging ved L/L Vik båtbyggeri i Høydalen. Båten hadde fram til 1965 nummer M-80-HØ og kjennesignal LHAF. I 1985 vart båten stroken i Skipsmatrikkelen og søkt i Osterfjorden, truleg året etter. Les mer …
Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor « Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst. Les mer …
Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle. MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar.
Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om. Les mer …
Sunnfjordbåten er som navnet tilsier fra Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Sunnfjordbåten er i samme "familie" som Sognebåten og Nordfjordbåten. Den skiller seg fra Nordfjordingen ved sitt mindre dyptgående og krysser derfor ikke like godt som denne. Dette gjorde at den ble utkonkurrert av Nordfjordbåten utover 1800-tallet spesielt til havfisket. Den har esinga ved første su fra ripa og keipene ligger på innsida av første ripebordet, ikke på ripa slik det er vanlig andre plasser i landet hvor esinga er plassert langs ripa og da stør dem. Den har ikke fullt så bratt/krum stevn som Sognebåten, og ripebordet er smalere. Blant de færing-eksemplarene som er blitt målt opp finnes det noen som har ripeomfaret i ett helt bord, mens det vanlige kysten rundt er å dele ripa i to. Sunnfjordbåten har de breieste kjølsuene i landet, noe som kan spores tilbake til vikingtida. Les mer …
|