Forside:Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. nov. 2010 kl. 13:46 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Susanne Pedersdotter Krabbe (f. 1627) var dotter av Aure-presten Peder Lauritsen Krabbe (f. 1596). Ho vart gift med borgarmeistaren i Trondheim, Lars Bastiansen Stabell (ca. 1604-1669). Etter ei tid tok dette ekteskapet slutt (av uviss årsak), og Susanne kom fattig attende til Aure. Ho enda sine dagar på husmannsplassen Skiphamna. Folketradisjonen frå Aure framstiller Susanne som overlegen og fæl til å skryta, etter som ho var dotter til den rikaste mannen på Nordmøre. Etter kvar har det utvikla seg ei segn omkring dette, der det finst visse historiske drag.   Les mer …

De ti familiehusene på Svanviken var på 30 kvm og hadde et dekar jord til.
Svanviken arbeidskoloni lå i Eide kommuneNordmøre og ble drevet av Norsk misjon blant hjemløse (1897–1989) som til 1935 het Foreningen til Modarbeidelse af Omstreifervæsenet. I 1907 ga Staten ansvaret for sosiale tiltak blant omstreifer- eller taterslekt til denne foreningen og betalte det meste av utgiftene. Bakgrunn av at Løsgjengerloven trådte i kraft samme år, og det følgende året ble kolonien ble opprettet. Omstreifermisjonens generalsekretær Jakob Walnum sto bak etableringen og regnet dette som en de største bragdene i sitt livsverk. Arbeidskolonien var et virkemiddel innen assimileringspolitikken og spilte en nøkkelrolle i denne overfor denne gruppen. Etter et opphold under andre verdenskrig ble virksomheten startet igjen i 1949 og ble først nedlagt i 1989. Fram til 1957 hadde omtrent hundre familier hatt opphold der, og blant dem rundt fem hundre barn. Hensikten med institusjonen var å avlære de reisende deres kultur og få de reisende, som f.eks. taterne til å bli bofaste, da de ble regnet som en del av fattigdomsproblemet. Misjonen håpet at taterne gjennom botrening skulle bli til produktive fastboende borgere. Gjennom et kontraktsfestet lengre opphold håpet misjonen at taterne tilegnet seg kunnskaper, ferdigheter og vaner som ville gjøre det lettere leve som fastboende nordmenn. Videre skulle de lære å arbeide og livnære seg på lovlig vis. Misjonen hevdet at oppholdet var frivillig, noe det kan stilles spørsmålstegn ved. Mange havnet der på bakgrunn av bestemmelsene i løsgjengerloven. Andre ble plassert der med trusler om å miste barna om de ikke aksepterte et opphold. Noen søkte seg også til Svanviken for å komme ut av en vanskelig livssituasjon. Andre var redde for å bli fratatt barna hvis de ikke tok et opphold i kolonien. Det var begrensede muligheter for å bevege seg utenfor koloniens område, og taterne hadde heller ikke lov til å snakke sitt eget språk, som var rommani. De hadde heller ikke lov til å kle seg tradisjonelt, drive handel eller spille egen musikk. Boligene ble inspisert hver dag.   Les mer …

Historielagets logo.

Freiøya historielagFrei (Freiøya) i Kristiansund kommune ble grunnlagt 12. mars 1980. Laget formål er «å vekke interessen og skape forståelse for Freiøyas historie. Det skal arbeide for å utbre kjennskap til vår kulturarv og ta vare på kulturminner av alle slag på øya.»

Pr. 2019 har historielaget 145 medlemmer. Medlemstallet har de siste åra vært stigende.   Les mer …

John Moses. Etter miniatyr.
John Moses (fødd i Kristiansund 16. april 1781, død i London 29. januar 1849) var kjøpmann, skipsreiar og eidsvollsmann. På byrjinga av 1800-talet var han den leiande forretningsmannen i det velståande handelsborgarskapet i Kristiansund. Han deltok med iver i det sosiale og kulturelle livet i byen, og finansierte mellom anna operaframføringar. Seinare gjekk han konkurs, vart skild frå kona, flytta til England og byrja ein ny karriere som forretningsmann der. På Eidsvoll tilhøyrde Moses den sikraste kjernen av Unionspartiet. Han var elles blant dei som i tydelegast ordelag heilt frå byrjinga gjekk inn for avgrensing av kongemakta til føremon for den folkevalde forsamlinga. Familienamnet, familievåpenet og eit par bibelske førenamn som har vore nytta i slekta, har ført til gissingar om at John Moses hadde jødiske anar. Dei faktiske forhold kan ikkje seiast å vere bringa heilt på det reine, men den relevans spekulasjonane kan ha hatt i ulike samanhengar, er av interesse i seg sjølv.   Les mer …

Edøy gamle kyrkje (bygd kring 1190) var hovudkyrkja for Edøy prestegjeld fram 1885, da Edøy nye kyrkjeStraumen vart innvigd.
Foto: Olve Utne
Edøy prestegjeld vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749. Fram til 1874 omfatta gjeldet den noverande Smøla kommune, og i tillegg øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya og Stabblandet, så vel som vestsida av Ertvågsøya og nokre gardar innanfor Vinjefjorden. Ved opprettinga av Tusterens Herred i 1874 vart den delen av gjeldet som låg innanfor Edøyfjorden lagt til Halsa prestegjeld, og frå den tid har Edøy prestegjeld svara til den noverande Smøla kommune.   Les mer …

Kornstad stavkyrkje i Averøy kommune var frå først av ei enkel stavkyrkje, som blei reven i 1871. Over kordøra stod namnet “Niels Hindricksøn”. Tyder dette “Niils Henrikson Gyldenløve til Østråt” (fru Ingers ektemake), kan vel kyrkja vera bygd av han mellom år 1510 og 1520, og kom da i lag med Giske-godset. Joh. Brodal meiner ho er eldre. Han fortel at ho vart laga til korskyrkje med to timbra sideskip i 1649. I 1665 var det fleire store reparasjonar i koret, i korset og i kyrkjestolane, og loft innlagt. Da Chr. Lossius 1725 kjøpte kyrkja, var ho forfalla. Han gjorde storflidnad, bygde tårn som fekk årstalet 1761 på spiren. Truleg var det da dei to galleri “for mandspersoner” vart bygde. På altertavla var måla: Jesus innset nattverden. Kring tavla var sett fem trefigurar, truleg Moses og dei fire evangelistar. Ei innskrift synte at altertavla var sælebotsgåve i 1638 av enkja etter kongeleg gastgjevar på Smørholmen, Ole Olsen Helt (“Jelt”), fødd 1571, død 1637. Nederst på altertavla var utskore ein smågut som kvilde på høgre hand og heldt eit timeglass i venstre. På austre vegg hang ei tavle med to felt. I øvste felt var bilete av Jesus på krossen og dei to røvarar. I nederste felt var Ole Helt sjølv teikna med langt kvitt skjegg mellom fem søner på den eine sida, og på den andre sida var enkja Marit Svendsdotter avbilda med sine fem døtre. Denne tavla var og forært av “Oluf Heltis efterleverske” anno 1638.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar