Stavkyrkja i Volda. Tatt ned i 1858. Malt av Ranveig Alvestad Halkjelsvik Foto: Narve F. Birkeland
Stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i Volda på Sunnmøre var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den utbygd til krosskyrkje. Første tilbygget kom i 1550-åra. Det andre ei god stund seinare. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar i kyrkja, «saavel staaende som sittende». Kyrkja vart tatt ned i 1858. Les mer …
Gardssag i Høydalen 2009 Foto: Magnar Høydal Gardssagene i Høydalen. Etter at Høydalen i Volda kommune fekk eige elektrisitetsverk i 1917, var det mange som bygde seg ei gardssag. Det var og er fleire bygningar på ein gard og det trengst stadig vekk eit bord eller ein plankebit. Slik kommunikasjonane var før var det ikkje så enkelt å gå på trelastforretninga som i dag, den økonomiske situasjon var og vanskelegare. Før det var tilgong på elektrisk kraft vart sagene drivne med vasshjul, det var oppgangssager. Nedst i storelva (Høydalselva) står murane etter oppgangssaga som var i bygda. Les mer …
Her er MB «Hendig» ved kaia på Vik. Om hausten brukte Anfinn å kjøpe poteter, - det er poteter som er i sekken.
MB «Hendig» M 47 HØ, bygd i 1968, for Anfinn og Olav Skorpen, far og son. Meir opplysningar om eigarane ligg på MB «Høydølen». Skrogforma er omlag som Høydølen, men båten er mindre, sjå båtlista for Vik. Hendig var bygd på enkle laska spant, og med spikarhud. Mesanmast på bukk over dekk, for fri tilgang til linekastar m.m. Rorhuset er flytt til framdelen av båten, som også hadde halvbakk. Lugaren framme under dekk hadde 3 køyer, og tilgang var gjennom egnarhuset, men også gjennom rorhuset. Rorhuset var bygd av kryssfiner på rameverk av tre, utvendig var det lagt på glasfiberarmert plast. Dekket på halvbakk var av 5/4 toms pløgd material, også det med glasfiberarmertplast. Rundt 1990 fekk rorhuset påsett ein kantskjerm i aluminium, og nye rorhusruter. Når rorhuset er plasert slik, vert heile dekket bak ein samanhangande arbeidsplass. Dette dekket var lagt på vanleg måte, furuplank med nater. Plaseringa av rorhus og det som fyl med det, var slik eigarane sjølve ville at båten skulle vera. Lukekarmen til lasteromet var om lag 30 cm høg. Les mer …
Høydølen på prøvetur i 1950.
MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.
Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.
Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg. Les mer …
Fredsdagane 1945 i Volda starta om ettermiddagen 7. mai da meldinga om den tyske kapitulasjonen nådde bygda og kyrkjeklokkene begynte å kime. Flagg etter flagg vart heiste og russen samla seg for å gå i tog. I gatene der toget passerte leita folk fram gamalt russeutstyr og kasta ut slik at fredsrussen snart var fullt utstyrte med huver og stokkar. Gatene vart raskt fylte av folk som samla seg framafor Olaisenhuset i Gatå der ein radio vart sett fram i eit ope vindauge slik at nyhenda kunne høyrast.
Dagen etter, den offisielle fredsdagen, var veret i Volda strålande, og den offisielle høgtidinga tok til med ein times klokkekiming frå kyrkja kl 16. Volda hornmusikk, speidarane, skulane og lag og foreiningar gjekk deretter i tog frå skuleplassen på Hauane, inn til Rotset og attende til Uppheimsplassen. Les mer …
Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle. MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar.
Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om. Les mer …
|