Grendi
Hopp til navigering
Hopp til søk
Grendi er ei bygd i Bygland kommune. Ho ligg aust for Byglandsfjorden, og nord for tettstaden Byglandsfjord.
Namnet tyder rett enkelt «grenda». Den lokale uttalen er grenna, men kommunen vedtok i 1970-åra at skrivemåten skulle vere Grendi[1].
Det var tidlegare barneskule i Grendi, og skulebygningen er no grendehus. Postkontoret, 4742 Grendi, er nedlagt og erstatta av post i butikk. Nord i grenda finn ein Grendi Handel, og heilt sør ligg Almedal sagbruk. Ein finn óg andre verksemder i bygda.
Årdal kyrkje ligg i Grendi.
Referanser
- ↑ Sjå Kartverkets faktaark i kjeldelista.
Kjelder
- Grendi på Setesdalswiki
- Faktaark fra Kartverket
Koordinater: 58.70687° N 7.82499° Ø