Heggland valfartkyrkje: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: HEGGLAND KYRKJE Den fyrste kyrkja Den eldste kyrkja meiner ein vart bygd ein gong mellom 1395 og 1526. Det var ei stavkyrkje som vart rive i 1670/-71. Alt tyder på at denne og den sein...) |
(formatering) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
[[Heggland valfartkyrkje (Fyresdal kommune)|Heggland kyrkje]] | |||
==Den fyrste kyrkja== | |||
Den eldste kyrkja meiner ein vart bygd ein gong mellom [[1395]] og [[1526]]. Det var ei stavkyrkje som vart rive i 1670/-71. Alt tyder på at denne og den seinare kyrkja har stade på same plassen. Lenger nord var lenge noko ein kalla "Heglands tufter", nokre murar og ein brønn. Dette kan vere tuftene etter storgarden som har gjeve kyrkja, grenda og soknet namn. | |||
Den | ==Den andre, og siste, kyrkja== | ||
Ho vart bygd i [[1671]]. I 1785 skreiv Lund: "- er en liden vakker Bygning. Den har Taarn og Spiir, og udvendig er (den) rød malet.” Han fortel og kor fint den ligg ved sidan av elva. Vi har ei teikning frå 1845 av lensmann Qvisling som var nabo, teikninga syner små spir, men ikkje tårn. (Skilling-Magasin 1845) Mogleg har det vore ein [[takryttar]] som rotna og vart fjerna. | |||
Kyrkja vart rive i 1845 og det vart ikkje bygd ny. Heggland sokn vart dela mellom [[Moland]] og [[Veum]]. Mykje av inventar og bygningsdelar vart kjøpt på auksjon av gardeigarar rundt om. Mellom anna kom døypefonten og ei tavle til Lunden, dei er no på [[Telemark Museum]] i [[Skien kommune|Skien]]. Altertavla kom til garden Brokke der den lenge stod på [[stabbur]]et. Den vart gjeve til [[Moland kyrkje]] då denne vart pussa opp innvendig i 1962. Altertavla er laga i 1738. Ei lysekrone av messing er delvis intakt og skal ha vore i Hazelius museum i Stockholm, no tilbakeførd til [[Norsk Folkemuseum]]. Ein altarkalk og ein oblateske er i Grungedal kyrkje. | |||
Kyrkja vart rive i 1845 og det vart ikkje bygd ny. Heggland sokn vart dela mellom Moland og Veum. Mykje av inventar og bygningsdelar vart kjøpt på auksjon av gardeigarar rundt om. Mellom anna kom døypefonten og ei tavle til Lunden, dei er no på Telemark Museum i Skien. Altertavla kom til garden Brokke der den lenge stod på | |||
På ein vegg i Moland kyrkje er ein bjelke frå Heggland gamle kyrkje med tekst: | På ein vegg i Moland kyrkje er ein bjelke frå Heggland gamle kyrkje med tekst: | ||
DENNE KIERCHE ER BLEFVEN BYGT ANNO 1671. H.T.O.S.B.B.T.S.B.M. | DENNE KIERCHE ER BLEFVEN BYGT ANNO 1671. H.T.O.S.B.B.T.S.B.M. | ||
Valfartkyrkje | ==Valfartkyrkje== | ||
Kyrkja var ei såkalla [[Lovekirke|lovkyrkje]], dei som ikkje kunne kome til kyrkja kunne gjeve gåver når dei var i naud. Ein meiner og at ho opphavleg vart bygd av same grunn. Ho var lenge ei av dei mest namngjetne kyrkjene i [[Telemark]]. Heggland kyrkje var og ei valfartskyrkje. Folk samlast [[Sankthans|St. Hans-natt]] til andakt, bålbrenning, dans kring ein "bedehaug", (denne vart seinare nytta til veggrus), lauging i elva og messe dagen etter. Morgonmat på Brokke gard. Etter reformasjonen vart valfarten til kyrkjene ved dei store ferdselsårene stoppa, men den heldt seg lenge ved kyrkja her og vart stansa fyrst i 1786. Då kyrkja vart rive fann ein på loftet ei mengd krykker som var kome frå folk som var blitt friske. | |||
[[Kategori:Kirker i Telemark]] | |||
[[Kategori:Fyresdal kommune]] |
Sideversjonen fra 29. mar. 2011 kl. 14:45
Den fyrste kyrkja
Den eldste kyrkja meiner ein vart bygd ein gong mellom 1395 og 1526. Det var ei stavkyrkje som vart rive i 1670/-71. Alt tyder på at denne og den seinare kyrkja har stade på same plassen. Lenger nord var lenge noko ein kalla "Heglands tufter", nokre murar og ein brønn. Dette kan vere tuftene etter storgarden som har gjeve kyrkja, grenda og soknet namn.
Den andre, og siste, kyrkja
Ho vart bygd i 1671. I 1785 skreiv Lund: "- er en liden vakker Bygning. Den har Taarn og Spiir, og udvendig er (den) rød malet.” Han fortel og kor fint den ligg ved sidan av elva. Vi har ei teikning frå 1845 av lensmann Qvisling som var nabo, teikninga syner små spir, men ikkje tårn. (Skilling-Magasin 1845) Mogleg har det vore ein takryttar som rotna og vart fjerna.
Kyrkja vart rive i 1845 og det vart ikkje bygd ny. Heggland sokn vart dela mellom Moland og Veum. Mykje av inventar og bygningsdelar vart kjøpt på auksjon av gardeigarar rundt om. Mellom anna kom døypefonten og ei tavle til Lunden, dei er no på Telemark Museum i Skien. Altertavla kom til garden Brokke der den lenge stod på stabburet. Den vart gjeve til Moland kyrkje då denne vart pussa opp innvendig i 1962. Altertavla er laga i 1738. Ei lysekrone av messing er delvis intakt og skal ha vore i Hazelius museum i Stockholm, no tilbakeførd til Norsk Folkemuseum. Ein altarkalk og ein oblateske er i Grungedal kyrkje. På ein vegg i Moland kyrkje er ein bjelke frå Heggland gamle kyrkje med tekst: DENNE KIERCHE ER BLEFVEN BYGT ANNO 1671. H.T.O.S.B.B.T.S.B.M.
Valfartkyrkje
Kyrkja var ei såkalla lovkyrkje, dei som ikkje kunne kome til kyrkja kunne gjeve gåver når dei var i naud. Ein meiner og at ho opphavleg vart bygd av same grunn. Ho var lenge ei av dei mest namngjetne kyrkjene i Telemark. Heggland kyrkje var og ei valfartskyrkje. Folk samlast St. Hans-natt til andakt, bålbrenning, dans kring ein "bedehaug", (denne vart seinare nytta til veggrus), lauging i elva og messe dagen etter. Morgonmat på Brokke gard. Etter reformasjonen vart valfarten til kyrkjene ved dei store ferdselsårene stoppa, men den heldt seg lenge ved kyrkja her og vart stansa fyrst i 1786. Då kyrkja vart rive fann ein på loftet ei mengd krykker som var kome frå folk som var blitt friske.