Innersetra: Forskjell mellom sideversjoner
Linje 42: | Linje 42: | ||
=== Bnr. 2: Teigen === | === Bnr. 2: Teigen === | ||
{{Infoboks gardsbruk | |||
| navn = Teigen | |||
| gnr = 224 | |||
| bnr = 2 | |||
}} | |||
[[image:1313 Teigen Innersetra Tustna.jpg|thumb|right|300px|Teigen sett frå [[Solåsundet]]. {{byline|Olve Utne, [[2. juli]] [[2007]]}}]] | [[image:1313 Teigen Innersetra Tustna.jpg|thumb|right|300px|Teigen sett frå [[Solåsundet]]. {{byline|Olve Utne, [[2. juli]] [[2007]]}}]] | ||
[[image:2580 Teigen Innersetra Tustna.jpg|thumb|right|300px|Det gamle huset i Teigen hadde fjøs i eine enden og hus i andre. I [[1950]] vart det bygd nytt hus, og det gamle huset vart rein [[låve]]. {{byline|Olve Utne}}]] | [[image:2580 Teigen Innersetra Tustna.jpg|thumb|right|300px|Det gamle huset i Teigen hadde fjøs i eine enden og hus i andre. I [[1950]] vart det bygd nytt hus, og det gamle huset vart rein [[låve]]. {{byline|Olve Utne}}]] |
Sideversjonen fra 23. jan. 2008 kl. 19:51
Innersetra (IPA ["iɲ:əˌse:tɾa] (N/A), ["iɲ:əˌse:tən] (D)), òg skrive Indresæter, eller Øygarden (IPA ["ʌ:ˌgɑ:’n] (N/A), ["ʌ:ˌgɑ:ɾa] (D)) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal.
Garden ligg på vestsida av Solåsundet og grensar til Hals i sør og Storsetra i nord.
Historiske namneformer inkluderer Indsettir (1590), Inndersedt (1643), Jnderset (1647), Indersetter (1661, 1667) og Indre Sætter (1723).
Næringsliv
I matrikkelutkastet for 1723 er det opplyst at det låg ei lita bekkekvern til Innersetra som det vart svara 4 skilling i kverntoll for. Det låg tidlegare laksevorpe under garden, men i nyare tid har det vore bruka kilenot i staden.
Gardsbruk
Bnr. 1: Indresæter
I Skattematrikkelen 1647 står Carll Jnderset nemnt med 1 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står Oden Wgelstad med 1 øre skyld.
Skipsbygging og fiskeindustri
Bnr. 2: Teigen
Teigen (uttale: [tɛ:’n] (Mal:NA), ['tɛɩa] (Mal:D)) var opprinneleg husmannsplass. I folketeljinga i 1865 er det oppgjeve to kyr, fem sauer, ⅓ tynne havre og ½ tynne poteter.
Plassen vart frådelt b.nr. 1 ved skylddeling den 19. september 1870 og vart kjøpt ut som sjølveigande bruk den 5. oktober same året.
Bnr. 3: Trøa
Trøa (uttale ['trø:a] (Mal:NA), ['trø:’n] (Mal:D)) var òg opprinneleg husmannsplass. Første husmannen ein veit om i Trøa, Ola Andersson, fekk festeseddel den 24. oktober 1823. I folketeljinga i 1865 er det oppgjeve tre kyr og åtte sauer, og dei sådde ei tynne havre og sette ei tynne poteter. Trøa vart sjølveigande bruk i 1870. I 1877 kom smeden Gjermund Gjermundsson Berven til gards, og han fekk skøyte på Trøa i 1885. I 1900 kom det telefonstasjon til Trøa, og frå 1945 vart det postkontor i Trøa òg. Trøa var heimgarden til Johannes Berven.
Bnr. 4: Steinteigen/Slettet
Bnr. 5: Furuly
Denne eigedommen vart utskilt frå b.nr. 4 (Steinteigen/Slettet) i 1962.
Bnr. 6: Skogly
Denne eigedommen vart utskilt frå b.nr. 1 i 1966.
Andre
Kjelder
- Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986.
Skattematrikkelen 1647 : XIII: Møre og Romsdal fylke. Oslo (Universitetsforlaget), 1975. ISBN 82-00-01449-5