John Rongved: Forskjell mellom sideversjoner
m (hbr, {{nn}}) |
m (Teksterstatting – «[[Kategori:Voss kommune» til «[[Kategori:Voss herad») |
||
Linje 28: | Linje 28: | ||
[[Kategori:Luster kommune]] | [[Kategori:Luster kommune]] | ||
[[Kategori:Osterøy kommune]] | [[Kategori:Osterøy kommune]] | ||
[[Kategori:Voss | [[Kategori:Voss herad]] | ||
[[Kategori:Vinje kommune]] | [[Kategori:Vinje kommune]] | ||
[[Kategori:Eidskog kommune]] | [[Kategori:Eidskog kommune]] |
Sideversjonen fra 3. jan. 2020 kl. 10:55
John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.
Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen). Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil. Han og Aasne fekk fem born.
Kjelder og litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 37b. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 343. (Digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 226-27.
Eksterne lenkjer
Forgjengar: Carl Fredrik Falkenberg |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Johannes Oscar Langmuir |