Kjeldearkiv:Færingsbygging 1983: Forskjell mellom sideversjoner

Tja, skal tru kor dette vart utsjåande
m (plukk)
(Tja, skal tru kor dette vart utsjåande)
Linje 37: Linje 37:

==Verktøy og byggeplass==
==Verktøy og byggeplass==
 
{{thumb|BAAT HØVLAR I OEH.jpg|BAAT HØVLAR I }}
{{thumb|BAAT VERKTØY II OEH.jpg ‎|BAAT VERKTØY II}}
{{thumb|BAAT VERKTØY III OEH.jpg|BAAT VERKTØY III}}
{{thumb|BAAT VERKTØY OG TILFANG IIII OEH.jpg|BAAT VERKTØY OG TILFANG IIII}}
'''Tvimenning/tomannshøvel:''' Denne høvelen vart brukt til å høvle borda med, vanlegvis av to menneske.

Linje 69: Linje 72:

==Færingen, ein 9-alna 6-bording, blir til del for del==  

(kommentar mot 5-bording):
(kommentar mot 5-bording):{{thumb|BAAT DELENAMN V OEH.jpg|BAAT DELENAMN V}}
 
Fyrst formar vi '''kjølen''' og '''stamnane''', skjer til skøytane og klinkar dei saman. Så ber vi dette bort på '''bomstokkane''' og kilar fast kjølen. Så set vi på ein '''sparre''' i kvar ende av kjølen mot '''sparrestøtta''' over og spikrar støtter til øvste ende av stamnane. I sparrestøtta heng ei '''loddsnor''' i kvar ende, omlag der kjølen byrjar å bøya opp. Denne blir fyrst brukt til å sikre at kjølen er '''midt under båten''', og så for å måla, ved oppbording, at båten er likt skapt på begge sider.

Linje 99: Linje 101:
For kvart omfar oppover blir påsett fire sparrar. To framme og to bak i båten, så det er litt av ein skog å sjå fram i når båten er oppborda. Desse må stå til det meste av innveden er komen i.

'''Innved:''' No leitar båtbyggjaren fram sine forundarlege innvedkrokar og tek desse til nøgnare gransking, legg gjerne ein del av dei opp i båten for å sjå om dei passar.
{{thumb|BAAT DELENAMN VI OEH.jpg|BAAT DELENAMN VI }}'''Innved:''' No leitar båtbyggjaren fram sine forundarlege innvedkrokar og tek desse til nøgnare gransking, legg gjerne ein del av dei opp i båten for å sjå om dei passar.
Innveden ved framtofta blir gjerne sett i fyrst. Ein byrjar nedanfrå med '''underbandet'''. Deretter '''kneet''' som går tvers over båten og er det som held breidda på båten(på 5-bordingar er oftast brukt eit kne, på 6-bordingar to kne. Det andre anten for '''midttofta''', båten i bruk for garn eller not. Eller for '''baktofta''', båten brukt som lettbåt for større fartøy for frakt mellom fartøyet og land. Ei tønne skal ligge midt i båten).

Så legg ein i underband for midt- og baktofte, så '''ronga''' og '''forstove''' framme og bak. '''Krumane''' og '''oppskøytar''' for toftene blir lagt i etter kjempa (kjempebordet) er komen på plass.

Linje 113: Linje 115:

Her passar det med eit spørsmål ungane ofte fekk: Kor mange kan ro ein færing/fireroing med fire keipar og fire årar, samtidig ? Svaret var, etter at ein verkeleg hadde sveiva i gang spekulatoren (ein seiemåte for å tenkje hardt) og tenkt ei stund. Største fart med to vaksne på framtofta med kvar si framår, to ungar/ungdomar på midttofta ved bakårane. Til slutt ein trena vaksen på baktofta vendande framover med ei hand på kvar bakår, denne skutar og styrer ved å veksle kreftene sin frå side til side. Båten flyg. Den blir flytta langt framover for kvart åretak og har tyngde nok til å gli mellom åretaka.

{{thumb|BAAT AAR VII OEH.jpg|BAAT AAR VII }}

Til ein '''9-alna færing''' er '''framårane''' om lag 2,85 m (5,2 båtalner eller 4,5 ”nye” norske alner) og '''bakårane''' om lag 2,50 m (4,52 båtalner eller 4,00 ”nye” norske alner). Eitt par blir laga av ein '''kvistfri hun''' (det fyrste ein skjær av rundstokken på saga, ein må på førehand ha bestemt seg for at dette skal bli årar).

Linje 122: Linje 126:
Det einaste vi vantar no er '''belag''', tauet framme som vi legg fast båten med. Lengde ? Det skal helst ikkje nå tak i propellen om du har motor.

Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: '''Kor stor er eigentleg denne båten ?''' Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 '''båtalner''' etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er '''21 norske tomar''' (til samanlikning er ei '''”ny” norsk aln 24 norske tomar'''). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er '''hollje''' eller '''kvædinj'''. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. '''Framleis er det ein 9-alning.'''  
{{thumb|BAAT MAAL I OEH.jpg|BAAT MAAL }}
{{thumb|BAAT BYGGEMAATAR VIII OEH.jpg|BAAT BYGGEMAATAR VIII}}Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: '''Kor stor er eigentleg denne båten ?''' Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 '''båtalner''' etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er '''21 norske tomar''' (til samanlikning er ei '''”ny” norsk aln 24 norske tomar'''). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er '''hollje''' eller '''kvædinj'''. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. '''Framleis er det ein 9-alning.'''  
Det minkar på dei som kan vurdere skogen og få den fram til ferdig båt".

Skribenter
1 565

redigeringer