Lensadel: Forskjell mellom sideversjoner

1 350 byte lagt til ,  18. jan. 2012
Mellomlagring
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 14: Linje 14:

Ein av dei viktigaste nye tids menn, kongens kammersekretær (m.m.m.) [[Peder Schumacher]], stod sentralt i utforminga av systemet med rangorden og lensadel. Han vart sjølv adla under namnet Griffenfeld same året som lensadelen vart instituert, og opphøgd til greve to år seinare, den 26. november 1673. Med grevetittelen følgde det tidlegare [[Tønsberg amt]] i forlening som nytt grevskap.

== Lensadelen i Noreg ==
Det fyrste grevskapet i Noreg hadde vorte oppretta to år tidlegare. Kongens halvbror, statthaldar i Noreg [[Ulrik Fredrik Gyldenløve]] fekk  «ereksjonspatent» (opprettingsdokument) på grevskapet Larvik (Laurvigen) den 29. september 1671.  Det omfatta det gamle [[Brunla len]] og amt, dvs. den søndre delen av det nåverande [[Vestfold fylke]].
Grev Griffenfeldt fall i unåde i 1676 og hamna i livsvarig fengsel dømt for forræderi. Grevskapet hans vart under namnet Tønsberg grevskap kjøpt av Gyldenløve i 1678, som i 1683 selde det vidare til feltmarskalk [[Gustav Wilhelm Wedel]]. Grevskapet vart omdøypt til [[Jarlsberg grevskap|Jarlsberg]], som det sidan vart heitande.
Ved lensbrev 14. januar 1678 fekk den danske adelsmannen [[Ludvig Rosenkrantz]] barontittel og høyhetsrettar over bøndene som høyrde til det store godset hans i [[Kvinnherad]] i [[Sunnhordland]] - [[Baroniet Rosendal]]. Baroniet omfatta altså berre ein del av innbyggjarane i distriktet. Det var ikkje eit heilskapleg administrasjonsdistrikt slik som i grevskapa. I grevskapsdistrikta  var det berre eit greveleg, ikkje kongeleg forvaltnings-, oppebørsels- og rettsapparat med mynde og jurisdiksjon over bønder og allmuge anten gardane dei budde på tilhøyrde lensgodset, var ått av andre godseigarar eller var sjølveigde.

Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer