Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-24

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Randi Solem. Etter samtidig maleri.

Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas.

Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.Les mer...