Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-27

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen).
Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.

Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i BergSenja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement. Les mer...