Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-28

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
John Jarnes

John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) er ein tidlegare møbelfabrikant i Sykkylven. Han er fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene.Les mer...