Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-33

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunhild Larsgard, ugift, stelte heime, tenestjente, storprodusent av brunost, kvitost og smør, dronning i eige rike: Randen gard i Hovet/Hallingdal på 950 moh., 7 km til nemmaste granne.
Foto: Joronn Sagen Engen (faksimile fra Fremtiden 31. januar 1981)

Gunhild Larsgard (fødd 3. august 1909 i fjellbygda Hovet i Hol kommune i Hallingdal, død 29. september 1993 i bygda Hol, Hol kommune) var tenestjente, budeie, og dronning i eige rike. Ho gjorde ein stor innsats under andre verdskrigen.

Foreldra var Birgit Pålsdotter og Hans Larsson Larsgard. Dei var bønder. Gunhild var nummer fire i ein syskjenflokk på seks, og den yngste av tre jenter. I 1915 flytta ho, seks år gamal, med familien til fjellgarden Randen som låg kring sju kilometer frå Hovet. Ho gjekk på skule i Nord-Hovet. Storesystrene etablerte seg utanfor bygda. Mor hennar døydde i 1941, far følgde etter i 1949. Ein bror drukna i 1947. Den yngste broren sette seg ned i Hovet. Det vart eldste bror hennar, Pål, som held fram som bonde på Randen. Saman lyfta Gunhild og Pål arven etter far og mor, men utan brorfamilien i bygda vore det ikkje mogleg drifte garden. I 1986 flytta dei til bygdars att, for godt. Den siste tida budde Gunhild  på aldersheimen i grannebygda Hol, der ho døydde 29. september 1993.

Kven var Gunhild Larsgard? Kva kjenneteikna tida ho levde i? Korleis var dagane organiserte på ein liten fjellgard, 950 moh., i øvre Hallingdal, på 1900-talet? Bygdebokforfattaren Lars Reinton gir oss i kortform eit svar: «Kvinne, ugift, steller for Pål heime». Ho var kjent for sin gode brunost, og for innsatsen under krigen.

Ser ein nærare etter finn ein ei uhyre produktiv kvinne, men produkta, som ost, smør og rumme ligg ikkje att i landskapet som varige merke etter lange dagar med tunge lyft og slit, slik til dømes arbeidsrøyser etter menns innsats gjer det.Les mer...