Mikkel Nilsson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mikkel Nilsson (fødd kring 1595[1] og død 1634[2]) var sokneprest i Jostedalen. Albert Hatting skriv at han var son av sokneprest Nils Mikkelsen i Luster og kapellan hjå far sin frå 1618, og sokneprest i Jostedalen frå 1621.[3]

Mikkel er nemnd i tiendmanntalet 1620-21 der det står at slottsherren (over Bergenhus) har løyvt "Prestenn ... Her Miekell" kongetienda. Det same er tilfelle i manntala for 1626-27 og 1627-28, som seier at grunnen er "megen Ringe Rente och Indkombst" i prestekallet.[4] Manntalet for 1619 er tapt, og i 1618-manntalet var han ikkje sokneprest. Han må såleis ha vorte sokneprest i Jostedalen ca 1620 utan at det kan tidfestast nøyaktig.

Mikkel er nemnd som sokneprest i eit brev frå 1625.[5] I brevet får allmugen i Jostedalen ein kraftig oppstrammar for å ha stelt dårleg med presten Mikkel. Dei har nekta å frakte kornet hans opp frå sjøen, og dei har nekta han degnemæla som han etter kallsbrevet hadde krav på. I kyrkjestolen er han nemnd som kyrkjeombodsmann 1631-1634, og av den siste rekneskapen går det fram at han då var død.

Notar

  1. Øyane 1994, s. 326
  2. Kyrkjestolen 1634, fol. 164b, Digitalarkivet
  3. Hatting c1775, s. 113, attgjeve i seinare framstillingar (t.d. Lampe 1896, s. 1), men uklårt kjeldegrunnlag
  4. Kongetienda 1620, 1626 og 1627 (Jostedal historielag)
  5. Brev 1.8.1625 frå biskop Nils Påske (Jostedal historielag), jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 175f

Litteratur

  • Hatting, Albert. (c1775). Forsøg til en Præste-Historie, eller nogenlunde Efterretning om det Bergenske Clerisie fra Reformationen til værende Tiid. (Tredie Deel.) Utrykt manuskript, Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms.4° 57. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 1. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
  • Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)


Forgjengar:
 Jens Jonasson 
Prestar i Jostedalen
(ca 1620–ca 1634)
Etterfølgjar:
 Otto Hansson Ravn