Nedre Fåberg (Jostedalen)
Nedre Fåberg (Luster, gnr. 204) er ein matrikkelgard i grenda Fåberg i Jostedalen, Luster kommune.
Garden vart truleg rydda på 1500-talet i samband med koloniseringa av Jostedalen etter øydetida (sjå namnegarden Fåberg). Garden var i periodar på 16- og 1700-talet delt i to bruk og vart siste gongen samla til eitt bruk att i 1755. Det har ikkje vore mogleg å identifisere kvar den andre brukarfamilien heldt til, så dei har kanskje delt på husa.
Steinstova
Det eldste stovehuset på Nedre Fåberg i dag er steinstova, som skal ha vorte oppsett mellom 1803 og 1809. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825) med bror sin Tøger Larsson Kruna på Kruna om kven som kunne byggja tyngste huset. Rasmus vann klart med steinstova.[1]
Personar frå Nedre Fåberg
- Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825), gardbrukar
- Lars Rasmusson Faaberg (1803-1883), ordførar
- Halvor Larson Faaberg (1829-1929), klokkar
- Tøger Larsson Kilen (1834-1936), husmann
Bruk
Nedre Fåberg har følgjande bruk:
- Bnr. 1, Berget (rydda som husmannsplass tidleg i 1790-åra, utskilt som eige bruk i 1829)
- Bnr. 2, Fåberg nedre
- Bnr. 3, Horpen (rydda som husmannsplass kring 1795, utskilt i 1901)
- Bnr. 4, Torstad (utskilt som eige bruk i 1929)
- Bnr. 5, Åreteigen (utskilt som eige bruk i 1929)
- Bnr. 7, Brun
- Bnr. 25, Vidsyn
Notar
- ↑ Øyane 1994, s. 690
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
Eksterne ressursar
- «Fåberg» (nedre) (gnr 204) i Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Kart over Nedre Fåberg, Fylkesatlas Sogn og Fjordane