Olai Ovenstad: Forskjell mellom sideversjoner
(bokhylla-lenker, fjerner defekt lenke) |
(Lenke) |
||
Linje 8: | Linje 8: | ||
== Militærhistorisk arbeid == | == Militærhistorisk arbeid == | ||
Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis [[Hæren]] var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på [[Riksarkivet]]. Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18). | Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis [[Hæren]] var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på [[Riksarkivet]]. Plansjane er nå tilgjengelege på [[Digitalarkivet]], sjå lenkje nedanfor (Bibliografi). Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18). | ||
Ovenstad gav og ut i to band: ''Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814''. [[Norsk_Slektshistorisk_Forening|Norsk slektshistorisk forening]], Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF. Han har elles skrive militærhistoriske artiklar i ymse fora, mellom anna eit større arbeid med tittelen «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i [[Norsk militært tidsskrift]] bd. 93 (Oslo 1930). | Ovenstad gav og ut i to band: ''Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814''. [[Norsk_Slektshistorisk_Forening|Norsk slektshistorisk forening]], Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF. Han har elles skrive militærhistoriske artiklar i ymse fora, mellom anna eit større arbeid med tittelen «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i [[Norsk militært tidsskrift]] bd. 93 (Oslo 1930). | ||
Linje 22: | Linje 22: | ||
==Bibliografi, militærhistoriske arbeid== | ==Bibliografi, militærhistoriske arbeid== | ||
*[https://media.digitalarkivet.no/view/32845/1 Plansjeverk: Den norske hær 1628-1900.] | |||
*«Den norske hærs gjenreisning. 18/1 1628-18/1 1928. 300 års jubileum», i ''Befalsbladet'' 34/1928. | *«Den norske hærs gjenreisning. 18/1 1628-18/1 1928. 300 års jubileum», i ''Befalsbladet'' 34/1928. | ||
*«Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930). | *«Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930). |
Sideversjonen fra 26. jun. 2020 kl. 13:23
Mal:Thumb høyre Olai Ovenstad (fødd 19. april 1870 i Christiania, død 28. juni 1954) var stabsfanejunker, skrivelærar, militærhistorikar og genealog. Han er mest kjend for sine offisersbiografiar og plansjeverket over den norske hærens organisasjon 1628-1818. Ovenstad hadde Kongens fortjenstmedalje i gull, og vart i 1929 tildelt Ridderkorset av første klasse av St. Olavs orden for sitt militære granskingsarbeid.
Bakgrunn
Ovenstad var fødd i hovudstaden. Han tok eksamen ved Feltartilleriets underoffisersskole (Halden) i 1893. Han gjekk også Statens kunst- og håndverksskole. Ovenstad var tilsett i staben til Kommanderande general frå 1904-1929. Der la han grunnlaget for sitt inngåande kjennskap til militærarkiva, som han gjorde seg god nytte av i sitt omfattande militærhistoriske arbeid.
Militærhistorisk arbeid
Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis Hæren var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på Riksarkivet. Plansjane er nå tilgjengelege på Digitalarkivet, sjå lenkje nedanfor (Bibliografi). Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18).
Ovenstad gav og ut i to band: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk slektshistorisk forening, Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF. Han har elles skrive militærhistoriske artiklar i ymse fora, mellom anna eit større arbeid med tittelen «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930).
Familie
Olai Ovenstad var gift med Karen, født 1886 i Lier. Paret fikk barna Erling (1900-?) og Torunn (1902-?). I 1910 bodde familien i Frognerveien 44b i Kristiania.
Bibliografi, militærhistoriske arbeid
- Plansjeverk: Den norske hær 1628-1900.
- «Den norske hærs gjenreisning. 18/1 1628-18/1 1928. 300 års jubileum», i Befalsbladet 34/1928.
- «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930).
- «Mitt militærhistoriske forskningsarbeide», i Befalsbladet 45/1939.
- Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814.
- B.1. [AA–H]. 1948. Mal:Bokhylla
- B.2. [I–Ø]. 1949. Mal:Bokhylla.
Kjelder og litteratur
- Folketeljinga 1910 for Kristiania
- Johnsen, Arne Odd og Wasberg, Gunnar Christie (red.): Norsk militærhistorisk bibliografi. Utg. av Forsvarets krigshistoriske avdeling, Gyldendal, Oslo 1969
- Norsk slektshistorisk tidsskrift, bd. XIV, Oslo 1954, side 344. (Nekrolog.)
- Om Olai Ovenstad og privatarkivet etter han i felleskatalogen på Arkivverket henta 16.9.2009
- Privatarkivet etter Ovenstad på www.arkivportalen.no. Her kan ein gå nokså langt inn i arkivinnhaldet. Henta 4.11.2010
- Olai Ovenstad i Historisk befolkningsregister