Peder Pavels Aabel: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 2: Linje 2:


==Prest i Jostedalen==
==Prest i Jostedalen==
For å kome nærare far sin [[Ole Aabel]], sokneprest i [[Aurland]], søkte han det ledige prestekallet i Jostedalen. Han vart utnemnd 13. april 1822 og overtok embetet i oktober 1822. Aabel var vertskap for den andre biskopen som visiterte i Jostedalen, [[Jacob Neumann]] i juli 1823.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=412 Neumanns visitasberetning frå Jostedalen]</ref> Aabel vart raskt misnøgd med dei stusslege tilhøva for prestefamilien i det vesle og fattige bygda der han sjølv budde dei fyrste leveåra sine. Då sokneprestembetet i [[Sogndal]] vart ledig, søkte han det og vart utnemnd 20. august 1823. Aabel fekk gjenomslag for at han framleis skulle styre prestekallet i Jostedalen frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om jostdalspresten sitt tilskot på 19 tønner frå korntida til dei andre kyrkje i Sogn i tre år skulle gå til oppbygginga av eit kornmagasin i Jostedalen. Dette var bakgrunnen for skipinga av [[Jostedal bygdemagasin]].<ref>Jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 185</ref>
For å kome nærare far sin [[Ole Aabel]], sokneprest i [[Aurland]], søkte han det ledige prestekallet i Jostedalen. Han vart utnemnd 13. april 1822 og overtok embetet i oktober 1822. Aabel var vertskap for den andre biskopen som visiterte i Jostedalen, [[Jacob Neumann]] i juli 1823.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=412 Neumanns visitasberetning frå Jostedalen]</ref> Aabel vart raskt misnøgd med dei stusslege tilhøva for prestefamilien i det vesle og fattige bygda der han sjølv budde dei fyrste leveåra sine. Då sokneprestembetet i [[Sogndal]] vart ledig, søkte han det og vart utnemnd 20. august 1823. Aabel fekk gjenomslag for at han framleis skulle styre prestekallet i Jostedalen frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om jostdalspresten sitt tilskot på 19 tønner frå korntida til dei andre kyrkje i Sogn i tre år skulle gå til oppbygginga av eit kornmagasin i Jostedalen. Dette var bakgrunnen for skipinga av [[Jostedal bygdemagasin]].<ref>Jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 185</ref> Aabel tok seg av Jostedal prestekall fram til 1829 då svogeren [[Bernt Anker Leigh]] kom til Jostedalen som sokneprest.


==Sogndal==
==Sogndal==

Sideversjonen fra 26. sep. 2010 kl. 07:51

Peder Pavels Aabel (fødd 19. desember 1795 i Jostedalen, død 3. juli 1869 i Krødsherad) tok teologisk embetseksamen 13. mai 1821.

Prest i Jostedalen

For å kome nærare far sin Ole Aabel, sokneprest i Aurland, søkte han det ledige prestekallet i Jostedalen. Han vart utnemnd 13. april 1822 og overtok embetet i oktober 1822. Aabel var vertskap for den andre biskopen som visiterte i Jostedalen, Jacob Neumann i juli 1823.[1] Aabel vart raskt misnøgd med dei stusslege tilhøva for prestefamilien i det vesle og fattige bygda der han sjølv budde dei fyrste leveåra sine. Då sokneprestembetet i Sogndal vart ledig, søkte han det og vart utnemnd 20. august 1823. Aabel fekk gjenomslag for at han framleis skulle styre prestekallet i Jostedalen frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om jostdalspresten sitt tilskot på 19 tønner frå korntida til dei andre kyrkje i Sogn i tre år skulle gå til oppbygginga av eit kornmagasin i Jostedalen. Dette var bakgrunnen for skipinga av Jostedal bygdemagasin.[2] Aabel tok seg av Jostedal prestekall fram til 1829 då svogeren Bernt Anker Leigh kom til Jostedalen som sokneprest.

Sogndal

Som sokneprest i Sogndal vart Aabel 8. desember 1829 prost i Indre Sogn. I Sogndal fekk Aabel både skipa Læseselskab for Indre Sogns mer dannede Familier (1831) og Sogndals Sogneselskab (1831), som mellom anna fekk sogndølene til å dyrke importerte kornsortar.[3]

Sokneprest i Land

17. juni 1833 vart Aabel utnemnd til sokneprest i Land der han skipa det som etter Lampe var den fyrste høgare allmugeskulen i Noreg. 16. april 1853 vart han prost i Valdres. Han fekk avskil som prost 1863 og frå sokneprestembetet 1866. Han var farfar til skodespelaren Hauk Aabel og oldefar til skodespelaren Per Aabel.

Notar

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, C. M. (1921). Provst Peder Pavels Aabel og hustru Margrethe født Leigh. Et stykke slegtshistorie; trykt som manuskript. Kristiania.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Holger Halling Schjødt 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Bernt Anker Leigh