Peder Pavels Aabel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Pavels Aabel (fødd 19. desember 1795 i Jostedalen, død 3. juli 1869 i Krødsherad) tok teologisk embetseksamen 13. mai 1821.

Prest i Jostedalen

For å kome nærare far sin Ole Aabel, sokneprest i Aurland, søkte han det ledige prestekallet i Jostedalen. Han vart utnemnd 13. april 1822 og overtok embetet i oktober 1822. Aabel var vertskap for den andre biskopen som visiterte i Jostedalen, Jacob Neumann i juli 1823.[1] Aabel vart raskt misnøgd med dei stusslege tilhøva for prestefamilien i det vesle og fattige bygda der han sjølv budde dei fyrste leveåra sine. Då sokneprestembetet i Sogndal vart ledig, søkte han det og vart utnemnt 20. august 1823. Aabel fekk gjenomslag for at han framleis skulle styre prestekallet i Jostedalen frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om jostdalspresten sitt tilskot på 19 tønner frå korntida til dei andre kyrkje i Sogn i tre år skulle gå til oppbygginga av eit kornmagasin i Jostedalen. Dette var bakgrunnen for skipinga av Jostedal bygdemagasin.[2]

Sogndal

Som sokneprest i Sogndal vart Aabel 8. desember 1829 prost i Indre Sogn. I Sogndal fekk Aabel både skipa Læseselskab for Indre Sogns mer dannede Familier (1831) og Sogndals Sogneselskab (1831), som mellom anna fekk sogndølene til å dyrke importerte kornsortar.

Sokneprest i Land

17. juni 1833 vart Aabel utnemnd til sokneprest i Land der han skipa det som etter Lampe var den fyrste høgare allmugeskulen i Noreg. 16. april 1853 vart han prost i Valdres. Han fekk avskil som prost 1863 og frå sokneprestembetet 1866. Han var farfar til skodespelaren Hauk Aabel og oldefar til skodespelaren Per Aabel.

Notar

  1. Neumanns visitasberetning frå Jostedalen
  2. Jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 185

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, C. M. (1921). Provst Peder Pavels Aabel og hustru Margrethe født Leigh. Et stykke slegtshistorie; trykt som manuskript. Kristiania.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Holger Halling Schjødt 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Peder Pavels Aabel