Ein fembøring ( nynorsk/ bokmål; trulig frå norrønt byrðingr og burde kanskje helst vore skrive fembørding) er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsaklig er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Norge. Fembøringane blir tradisjonelt bygd enten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet. Dei største åfjords-storfembøringane var kring 52 fot og vart spesialbygd for lofotfisket; dei vart følgelig kalla lofotbåtar. Les mer …
Ein eller ei dregel (med dialektformer som dreiel ( Snm.) og driggel ( Ndm.) eller skottdregel ( N-Nor.) er eit skvettbord som blir sett på toppen av ripa ved segling i grov sjø for å minske sjansen for å få sjøen inn i båten i le. På båtar med vaterbord blir dreglane sett i hol i vaterbordet; på båtar utan vaterbord ligg dregelen an mot keipane på innersida, på yttersida er det loddrette jarnband som går i hol mellom ripa og langisa, og dreglane er i tillegg festa med jarnkrokar (og tidligare gjerne vidjeband). På somme båtar, særlig åfjordsbåtar med lågt fribord, kan dreglane vera meir permanent festa. Dreglane kan vera enkle eller ha keipar. Åfjordsbåt-dreglar kan ha årehol, og det finst òg tradisjon om geitbåt-dreglar med årehol. Les mer …
Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på Evensgård og Kvæl på Røkland i Saltdal kommune for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) i Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig vaksne heiltre-keipar. Ofte er det brukt ekstra solide hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og vinden er sterk. Les mer …
Bø kystlag i Nordland ble opprettet i 1991, og teller 62 medlemmer (pr. 2014?). Laget er medlem i Forbundet KYSTEN. Bø kystlag disponerer en smie som de har restaurert. De eier tre nordlandsbåter og disponerer en som eies av Bø museum. Aktiviteten i Bø kystlag spenner fra å restaurere båter og bygninger, til å delta på arrangementer og arrangere kurs. Les mer …
Tungenes fyr i 2006. Foto: Roar Johansen
Tungenes fyr ligg på garden Tunge i Randaberg kommune. Det var fjerde fyret som blei bygt i Rogaland. Privatpersonar i Stavanger stod bak opprettinga i 1828. Det dreidde seg om talglys som var plasserte i eit hus i tunet på Tunge. Etableringa av eit fyr på nordspissen av Jæren må sjåast i samanheng med det rike sildefisket på denne tida. Fisket og sildehandelen auka behovet for ei sikrare innsegling til Stavanger.
Fyrvesenet overtok ansvar for drifta i 1862. Fyret blei då flytta til sin noverande plass på Tungeneset. I 1898 skjedde ei utbygging av fyret, mellom anna med nytt tårn. Elektrisk lys kom på plass i 1932, noko som medførte at sjølve fyret kunne forsterkast. Det fekk også nautofon (tåkelur), som framleis er inntakt. Ein ny fyrvaktarbustad blei reist i 1937. På skjeret Brakjen utanfor Tungeneset kom ei lykt i 1932. Les mer …
|