Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Volda»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Annonse for Møre Skofabrikk i Romsdals Amtstidende 19. september 1921.

Møre Skofabrikk A/S vart etablert i Steinsvika i Dalsfjorden 8. mars 1918 av Johannes Kvangarsnes (1898-1980) og Benjamin Tverberg (1898-1944). Dei arbeidde før på tønnefabrikken i Åmelfoten, men vart arbeidslause då den vart nedlagd. Dei fann da på å satse på sko, for det var det stor etterspurnad etter.

I 1930 hadde tjue personar arbeid på skofabrikken, og dei produserte 70-100 par sko kvar dag.

I 1956 vart det bygd ny og meir effektiv fabrikk. Her kunne kvar tilsett produsere 10-12 par sko kvar dag. I 1960-åra vart vernesko ei viktig produktgruppe.   Les mer …

Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
Foto: Magnar Høydal (1962)
MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor «Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst.   Les mer …

Notabåten Trollet.
Foto: Arne Høydal
Notbåten «Trollet» var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka for Høydal notlag 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet «Drott». I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle registeret over fiskebåtar. Dette kjem truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», som vel er eit klengenamn. Båten var bygd som klinker med speiel. Det var lagt dekk med ca 45 cm høg ruff til atterkant rorhus. Tradisjonell innreiding av lugar framom maskinskottet. Lugarkappe framom rorhuset. Bak rorhuset var båten åpen med notrull bak på speielen. I notromet var bygt ei notkasse slik at når ein greidde inn nota kunne ein stå på utsida av kassa og slapp å trakke i nota, burtsett frå han som la «minot», midnot.   Les mer …

Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen.   Les mer …

Storebrua var bygd i 1931, og dette bildet er frå ein gong på 1930-talet. Til høgre ser me ysteriet som var bygd mellom 1925 og 1930.

Bruer i Høydalen er ein oversikt over bruene i Høydalen, Volda kommune.

I alle dalfører er det oftast ei elv som deler dalføret. Er der og ei bygd med busetnad på båe sider av elva så skaper elva eit hinder for samkvemet mellom bygdefolket. Bruene vart bygde på ymse vis alt etter forholda på staden og kva krav som skulle stettast. I mange høve kunne brua vere ei steinhelle over eit pass med fjell på kvar side eller på oppmura brukar. Var det lenger spenn, vart brua gjerne bygt av tre. Kvelvingsbru er her ikkje merke etter i Høydalen.   Les mer …

Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910

Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.

Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.

Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at «dråttane» (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta «mi-fjårs»   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar