John Moses. Etter miniatyr. John Moses (fødd i Kristiansund 16. april 1781, død i London 29. januar 1849) var kjøpmann, skipsreiar og eidsvollsmann. På byrjinga av 1800-talet var han den leiande forretningsmannen i det velståande handelsborgarskapet i Kristiansund. Han deltok med iver i det sosiale og kulturelle livet i byen, og finansierte mellom anna operaframføringar. Seinare gjekk han konkurs, vart skild frå kona, flytta til England og byrja ein ny karriere som forretningsmann der. På Eidsvoll tilhøyrde Moses den sikraste kjernen av Unionspartiet. Han var elles blant dei som i tydelegast ordelag heilt frå byrjinga gjekk inn for avgrensing av kongemakta til føremon for den folkevalde forsamlinga. Familienamnet, familievåpenet og eit par bibelske førenamn som har vore nytta i slekta, har ført til gissingar om at John Moses hadde jødiske anar. Dei faktiske forhold kan ikkje seiast å vere bringa heilt på det reine, men den relevans spekulasjonane kan ha hatt i ulike samanhengar, er av interesse i seg sjølv. Les mer …
Richard Floer. Ukjent kunstnar. Richard Floer (fødd i Kvikne i nåverande Rennebu og Tynset kommunar 11. april 1767, død på Røros 28. august 1822) var bergverksfunksjonær, offiser og eidsvollsmann. Lite og ingenting er kjent om Floers aktivitet og standpunkt på Eidsvoll 1814. Han var vald som representant for det frivillige Rørosiske bergjegerkorps.
Foreldra var overstiger Henning Floer og Helveg Marie Brandt. Faren var tilsett ved koparverket i Kvikne da Richard var fødd, og flytta seinare til Røros. Familien hadde vore tilknytta bergverksverksemda i generasjonar. Les mer …
Gabriel Lund. Kunstnar ukjend. Gabriel Jochumsen Lund[1] (fødd i Farsund 4. oktober 1773, død i Trondheim 2. november 1832) var forretningsmann, konsul og postmeister, eidsvollsmann og stortingsmann, og hadde også teologiske studiar bak seg i ungdomen. Han tilhøyrde eit dominerande forretningsdynasti i fødebyen, og Gabriel Lund sjølv var den fyrste som budde i den kjende patrisiarbustaden Husan.Han var son av «Farsunds grunnleggjar», kjøpmann, skipsreiar, godseigar m.m. Jochum Brinch Lund (1743-1807) og Inger Marichen Lund fødd Luth (1744-1810). Gabriel hadde fem eller fleire sysken. Han var svoger til eidsvollsmannen Just Henrik Ely, som var gift med Lunds syster Caroline Nicoline Lund. Gabriel Lund gifta seg i Farsund 23. april 1802 med tremenningen sin Gidsken Edvardine Røring Lund (døypt i Farsund 13. juni 1781, død same stad 2. januar 1841). Ho var dotter til kjøpmann Søren Bruun Lund og Anne Else Benedikte Bugge. Ekteparet flytta truleg inn i søre fløya i det nybygde paleet Husan da dei gifta seg. Jochum Brinch Lund hadde bygd dette med tanke på sine to søner Gabriel og Ebbe. Sistnemnde flytta inn i den andre halvparten av bustaden litt seinare. Les mer …
|