Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Motiv fra Berlin: "Checkpoint Charlie", en grenseovergang mellom den amerikanske sektoren av Vest-Berlin og den sovjetiske sektoren Øst-Berlin. Den var én av to grenseoverganger forbeholdt ikke-tyskere og diplomater. Grenseovergangen var i bruk 1945-1990.
Foto: Stig Rune Pedersen
(2008)
NEG S24 Øst-Europa etter Berlinmurens fall er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1991 med tittel Øst-Europa etter Berlinmurens fall. Utsendar var Norsk etnologisk gransking og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Fra Ulefoss garveri, Ulefoss. Etablert i 1864.
Foto: "Norske næringsliv b. 4 : Telemark"
NEG 134 Garverhåndverket er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1981 med tittel Driftehandel med storfe. Utsendarar var Marit Holme Mehlum og Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut i samhang med NEG 135 Garveren og garverhåndverket frå same året.   Les mer …

Blandaball servert med potet, kålrabi, gulrøter, flatbrød og vatn.
Foto: Olve Utne
(2009)

NEG 26 Klubb, klot, kumle og krumme er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Klubb, klot, kumle og krumme. Utsendarar var Lily Weiser-Aall, Rigmor Frimannslund.

Denne maten er brukt over store deler av landet, men han varierar mykje i dei einskilde distrikt, og det er mogeleg han har skift noko med tidene. Vi bed difor om å få greie på om folk har laga han på ein annan måte i eldre tid, og om det fins serskilte namn på dei ymse klubbslaga.   Les mer …

Godfred Gullaksen vaskar klede om bord i «Sversling».
Foto: Ukjent. Bilete frå Fedje og folket.
NEG 197 Menn og husarbeid er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2003 med tittel Menn og husarbeid. Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Brevik apotek ble opprettet ved Kongelig Resolusjon i 1846. Apoteket skulle betjene Eidanger, Bamble, Stathelle og Langesund i tillegg til Brevik. Fra før var det tre apotek i Telemark fylke; Skiens apotek, Porsgrunn apotek og Kragerø apotek.Byens første apoteker - Peter Heiberg Wirsching - drev apoteket i femti år, frem til 1901. I 1850- årene anla han urtehage, bygde drivhus og dyrket alt fra druer og valnøtter til blomster og en lang rekke medisinske urter. Denne urtehagen var viden kjent, og da kong Oscar II besøkte Brevik under åpningen av Brevikbanen i 1895 ba han om å få en orientering om hagen.Fra gammelt av solgte apotekene langt mer enn bare medisiner. Her fikk snekkerne lim, fotografene fosfor, barbererne sprit og malerne fargepulver. Apotekeren pliktet å føre giftprotokoll for salg av gift til utryddelse av skadedyr. Gårdbrukerne måtte gå til presten for å få bekreftelse på hva giften skulle brukes til.   Les mer …

Rikard Berge, frå boka Ljos over Telemark.
Foto: Ukjend

Rikard Berge (fødd 7. november 1881 i Rauland, død 26. september 1969 i Skien) var konservator, folkeminnesamlar og bygdebokforfattar. Han gjorde eit stort arbeid med å samle folkeminne, særleg frå Telemark, og la mykje av grunnlaget for seinare kulturhistorisk arbeid.Rikard Berge voks opp hos morfaren Rikard A. Berge (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok examen artium følgde han førelesingar hos Moltke MoeDet Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. Han var òg i København og fekk råd frå Axel Olrik.

I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor Sophus Bugge, døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først Moltke Moe og så Knut Liestøl på den andre. Liestøl skipa i 1914 Norsk folkeminnesamling, og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar