Forside:Hallingdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
DISTRIKT: Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
KOMMUNE: Flå • Gol • Hemsedal • Hol • Nesbyen • Ål

Om Hallingdal
"Dragt fra Naes i Hallingdal og fra Flaae ditto".

Hallingdal er eit dalføre i Buskerud. V-dalen følgjer for det meste Hallingdalsvassdraget. Som distrikt omfattar Hallingdal kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Historisk var dette området Hallingdalens futedøme, og det er no rettsområde for Hallingdal tingrett.

Den nordvestlege delen av Hallingdal har hatt sterk tilknyting til Vestlandet, medan dei sentrale og sørlege delene har vore knytte til Austlandet og spesielt til Ringerike. Da Bergensbanen opna, vart heile dalen i sterkare grad knytt til Austlandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Rollebilde av Kolbjørn Buøen fra ca. 1940.
Foto: Christian Bøbak/Oslo Museum

Kolbjørn Engebretsen Buøen (født 20. januar 1895 i Flå i Hallingdal, død 5. oktober 1975 i Oslo) var skuespiller, ansatt på Den Nationale Scene fra 1920 til 1938, deretter var han tilknyttet Nationaltheatret til han gikk av med pensjon i 1965. Han spilte i over 300 roller på Nationaltheatret. Blant dem kan nevnes Bispen i Bjørnstjerne Bjørnsons Over ævne I, doktor Rank i Henrik Ibsens Et dukkehjem, grosserer Werle i Vildanden, Willy Loman i Millers En handelsreisendes død, og kapteinen i Strindbergs Dødsdansen. Hans avskjedsforestilling var tittelrollen i Ibsens John Gabriel Borkman

Buøen spilte også i enkelte filmer, men debuterte sent, hans første film var Kranes Konditori fra 1951 (regi Astrid Henning-Jensen). I 1956 fikk Buøen Kritikerprisen.   Les mer …

Halvor Haavelmo
Foto: Norske skulefolk (1934)
Halvor Haavelmo (født 25. november 1886 på Gol, død 16. august 1967 i Skedsmo) var lærer, lokalpolitiker og lokalhistoriker i Skedsmo på Romerike. Han er særlig kjent for bygdebøkene om Skedsmo, og som lærer brant han spesielt for skolehagene. Haavelmo var opprinnelig Venstre-mann, men ble av okkupasjonsstyret utpekt til Skedsmo-ordfører under andre verdenskrig, etter å ha sittet nærmere 30 år i herredsstyret. Økonomen Trygve Haavelmo (1911-99) var sønnen hans.   Les mer …

Kart over Vassfaret frå ca. 1840, teikna av kaptein Lund.
Foto: Statens kartverk

Vassfaret er eit område mellom Valdres og Hallingdal. Vassfaret er i dag eit populært friluftsområde. Ein viktig grunn til det er Mikkjel Fønhus sine naturskildringar, der han ofte henta inspirasjon frå Vassfaret og Vidalen. Vassfarstammen av brunbjørn vert rekna som den siste heilnorske brunbjørnstammen. Tidleg i 1980-åra vart han erklært som utdødd, men det har vore bjørn der òg i seinare år. Ulven vart tidleg utrydda i området, men det er jerv og gaupe der. I 1906 døydde den tretten år gamle Johan Sagadalen av skadane han fekk då han gjekk på ein brunbjørn. Ved Blåfjellhaugane står det ei minneplate som fortel om denne hendinga. Det er ellers eit rikt dyreliv, med mellom anna rev, grevling, rådyr, hare, mårdyr og gnagarar.

  Les mer …

Maleri av Abraham Falck Hammer (ukjent kunstner).
Abraham Falck Hammer (født 1781 i Ål, død 3. desember 1837 i Østre Toten) var landhandler og gardbruker på Rogneby i Østre Toten. Tidlig på 1800-tallet var han en av bygdas mest velstående menn. Han ble født i Ål i Hallingdal, som sønn av residerende kapellan Ole Christian Hammer. Familien flytta i 1782 til Tune i Smålena (Østfold), da Ole Christian Hammer ble kapellan der. Faren var født på Gudderudvollen på Toten, der Abraham Hammers farfar, Thomas Hammer, var bygdas første landhandler med kongelig bevilling.   Les mer …

Øvre Åkerstølen, med ruinar etter ei steinbu i framgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2012)

Åkerstølane ligg på nordsida av Åkerstølåni på Ustaoset i Hol kommune. Eigedomen strekk seg frå Gampetjørne i sør til Tvergasteintjørne i nord. Båe stølane høyrer til gardar i Ustedalen: Nedre Åkerstølen til Nordre Foss og Øvre Åkerstølen til Fosshaugen.

Eigedomstilhøve

Ved gardssyn i 1751 var Åkerstølen ført opp som langstøl til søre Foss, Lio. Nordre Foss må også ha hatt ein del av stølen, for i 1801 gjekk Sjugurd Olson nordre Foss og Elling Ellingson søre Foss til felles sak mot grannane på Sand-gardane i Kvisla, som hadde late dyra sine beite på Åkerstølvollane. Tre år etter var det igjen strid om Åkerstølen. Da vart far til Sjugurd, Ola Knutson nordre Foss, stemnd for forlikskommisjonen av Eirik Vebjørnson Solheim. Ola skal ha selt sin del av Åkerstølen til Eirik, men ville ikkje kjennes ved dette.   Les mer …

Stølen Steintjønnbotten (også kalla Botten, gnr 54, bnr 7) låg nord for Steinvika, vestafor Uggen på Ustaoset i Hol kommune. Lars Torsteinson Heggeset, Kvisla, kjøpte den i 1892 av Margit Knutsdotter øvre Sand, også Kvisla, som i mange år sat som enkje på garden. Han har nok selt stølen vidare til Per Mikkelson Vindegg Bakkegard, Kvisla, for Per selde han i 1905 til Gunvald Larson Luten, Lio, som igjen bytte han bort til Knut Knutson Øyo, også Lio. Stølen hadde då lege øyde i mange år, men Knut fekk bygd både buer, lu og fjøs ved sida av den gamle steinbua. Sander Olson Fossgård og kona Gro, som rydda garden Fossli, Lio, kring 1916, leigde Steintjønnbotten av Thomas Knutson Øyo og støla der i 12 år. Stølsbua og fjøset er i dag (2012) ombygde til hytter.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hallingdal
 
Andre artiklar