Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Optestøyl 24.1.2006. Huset lengst til høgre er stoga etter Ånund K. Skarberg.
Foto: Aanund Olsnes

Optestøyl, også kalla Utigard, ligg lengst i sør i Trydal, sunnanfor Grasbrokke og Svingen, og langt ned imot Bjørnarå. Frå gamalt var det visseleg nytta som støyl for Systog, og dermed lyt me tru at her låg vel til rette for bureising.

Åsmund Olavsson Trydal frå Systog sette i gang med nybygg på denne staden i 1921, då han fekk skøyte av Tarjei, eldstebror sin. Nå veit me at han gifte seg i 1919, og kunne då fort tenkje at den røynlege overdraginga må ha funne stad eit par år fyre papirarbeidet og tinglysinga. Men då Åsmund gifte seg vart han notert i kyrkjeboka som «tømmermann» , same tittelen fekk han då eldste dottera vart døypt i 1920, men frå 1921 og frametter vert han kalla «sjølveigar og småbrukar», så då hadde det funne stad eit statusskifte.

Eit anna omskifte som skal noterast, er at bruket ved tinglysinga i 1921 vart kalla Utigard, men til dagleg vert det omtala som Optestøyl.   Les mer …

Kultran sumaren 2004.
Foto: Tor Hallvard Mosdøl

Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.

Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».

Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.

Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der.   Les mer …

Libu, plass og sidan støyl under Sygard. Busett 1852-1883.
Foto: Folke Nesland ca 1968.

Libu låg 2,5 km vest for Nesland, rett under Furestøyl, som var støyl til Sygard. Den dyrka marka her var 5 til 6 mål. Ned mot Bossvatn var det nokså flatt, lenger oppe var det bratte åkfadd. Det er ikkje att hus eller murar på plassen i dag, berre dei brattaste ekrene har unngått neddemming.

Fyre det vart busetnad her var Libu støyl for Sygard. Han som fekk bygsla denne støylen og slo seg ned her var Andres Hallvardsson Nesland, som i 1852 fekk husmannskontrakt hjå faren, Hallvard Knutsson. Andres var på denne tid ugift, men fekk plassen på livetida for seg sjølv og ei eventuell kone «om han gifter sig». Plassleiga var så låg at ho nærast var symbolsk, 8 skilling i året, men elles var det ei nokså streng kontrakt:

Skulde Andres Halvorsen eller ogsaa en mulig Enke ikke opfylde denne Accord, eller vise Opsætsighed, Utroskab, eller paa anden Maade forsee sig mod denne Bygselsæddel,

da har han samme forbrudt.

I den gamle gards- og ættesoga les me (78) at det var Olav Hallvardsson som «fekk plassen Libu hjå faren», og at Olav i sin tur overlet denne til broren Andres, etter at han sjølv hadde fått kaupe Nordstog Stavenes. Som det vil ha gått fram ovanfor er dette gale, men det er rett at både Olav og Andres budde her. I 1865 var Andres «husfader», men framleis ugift, står det i folketeljinga frå det året. Olav var busete, også han framleis ugift, og med seg som «husholderske» hadde dei systera Ingjerd.   Les mer …

Åsland 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Åsland er eit lite nybruk frå slutten av 1930-talet i Berdalen i Bykle kommune. Det var Sigrid Hoslemo som husa det opp og rudde det. Arealet vert oppgjeve til 7-8 mål.

Sigrid var frå Haugen Hoslemo, dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, fødd Oddeskar. Systera Gyro hadde tidlegare rudt og bygt for seg i Haugen, bnr 10. Fyre ho kom hit hadde Sigrid budd mange år i Skien, og arbeidd i ei forretning der.

Ho kaupte denne teigen hjå Salmund Berdalen i Hagen i 1938, og fekk opp hus for seg same året. Ho ville taka imot turistar til overnatting, og bygde difor ei stoge på 14 x 8 m i to fulle høgder. I 1940 sette ho også opp ein liten uthusbygning, der ho sidan hadde ei handfull sauer og nokre høns. Ho skifte etternamn til Åsland i 1947, og nytta sidan det namnet.   Les mer …

Myri 5.8.2005
Foto: Aanund Olsnes

Myri ligg austom Der nede, bnr 1, i Berdalen i Bykle kommune. Det kom til då Kjetil Helleiksson i Der uppe overlet ein part av garden til versonen Olav Oddsson Byklum sumaren 1873. Parten fekk ei landskyld på 4 skilling, som sidan vart omgjort til 6 øre.

Namnet kjem av at tunet vart lagt ved sidan av ei myr. Denne myra er sidan oppdyrka, og er nå ein del av jordet til bruket. Så kjem me til den fyrste oppsitjaren og familien hans:

Olav Oddson Byklum, f 1830, utfl. Mo ca 1880, d 1890

g 1871 m Torbjørg Kjetilsdtr. Berdalen, f 1848, d etter 1900.   Les mer …

I dag er Hagen så tilgrodd med skog, at det er vrangt å få eit brukeleg bilete av tunet. I staden set me difor inn eit utsyn frå Hagen mot Vatnedalsdammen. Taka i Hagen er såvidt synlege i underkant av biletet.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)

Hagen, som er det neste i rudningsrekkja i Berdalen etter Der uppe og Der nede, er den nedarste eininga. Når ein har køyrt opp bakkane frå Berdalsbru er altså tunet her det fyrste ein kjem til. Opphavleg var bruket husmannsplass under Der uppe, men det vart tidleg sjølveigarbruk.

Bruksnamnet er det gamalnorske hagi, m, i tydinga «Jordstykke som er udlagt til Havnegang eller Græsgang for Feet» (Fritzner, J.: Ordbog over det gamle norske Sprog, I, 1886, 689a). Olav Haslemo (h.oppgv. norsk 1968, 171) peikar på at ordet ikkje er vanleg i denne tydinga i målføret, og dette meiner me er eigna til å styrke ein tanke om at namnet ikkje er særleg gamalt, og berre vart hangande ved bruket etter at ein røldøl som skreiv seg med etternamnet Hagen flutte hit i 1837. Me kjem attende til den mannen, men fyrst lyt me sjå på ei rekkje med eldre oppsitjarar.

Dei fyrste me kan vita budde her er Søren Aslaksson Mosdøl og Gunhild, andre kona hans, og desse meiner me kom hit kring 1750. Søren hadde vore foddogsmann i Mosdøl, bnr 3, då han vart enkemann i 1744. Men då han noko seinare gifte seg omatt med Gunhild, vart det til at dei flutte hit, og vart husmannsfolk. Nokre år etter dette att, kring 1760, flutte dottera Gunvor og Svenke Alvsson, mannen hennes, i hop med Søren og Gunhild.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar