Forside:Landbruksutstyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Landbruksutstyr
Landbruksutstyr
 
Smakebitar
Hesteutstyr på Sterke-Nils-tunet på Dyrskuplassen i Seljord.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen
(2009)
NEG 97 Hesteselen - tilleggsliste er eit tillegg til spørjelista NEG 77 Hesteselen sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1963 med tittel Hesteselen. Etter at det kom svar inn til NEG 77, kom det fram informasjon som krav nye spørsmål. Resultatet vart å sende ut NEG 97 Hesteselen - tilleggsliste. Utsendar var Helmut Hagar.   Les mer …

Hesteseletøy, tegna av Harald Kompen
Foto: Ingunn Kompen: Etnedal Husflidslag, Årbok for Valdres 2010, side 161.
NEG 77 Hesteselen er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1960 med tittel Hesteselen. Utsendar var estaren Helmut Hagar. Det vart i 1963 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 97 Hesteselen - tilleggsliste.   Les mer …

Vidjespenning.
Foto: Truls Erik Dahl.
NEG 21 Vidjer er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Vidjer. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Bering av høybåre på TustnaNordmøre i juni 2012.
Foto: Hallgjerd Utne
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att.   Les mer …

Motorslåmaskin Rapid Rex.
Foto: Oddvar Høydalsvik

Denne sida - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk - og - Firehjulstraktoren, basismaskina i landbruks-, anleggs- og skogsdrift - er meint som to dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no.

Særleg i tiåra etter krigen - da motoriseringa av landbruket starta for fullt - har det eksistert eit stort antal slike maskiner, og mange av dei gjekk igjennom ei utvikling med mange forbetringar. Det kan dermed finnast mange typar slike maskiner. I dag er det ikkje så mange av dei som er i aktivt bruk, men dei kan stå att i låvar og skur og vere ukjente for yngre generasjonar. Ta bilde av maskiner som du ser manglar og last opp i wikien, før den i tabell og lenk til galleri under rett merke.

I dette stykket er det starta opp ein faktaboks for nokre merke/produsentar av slike maskiner med biletgalleri under kvar boks. Ferdig boks for nye merke/maskiner til kopiering ligg i botnen på stykket. Oppfordring: Gå ut å sjå på di maskin, les merkeplater, på maskina og motoren. Ta bilete. Last så inn på rett maskin og skriv deg inn på informantliste. Kan nokon av tidlegare importørar og forhandlarar hjelpe til vil her bli veldig mykje nyttig informasjon til entusiastane som held mange av desse maskinene i gang.   Les mer …

Reip med reiphegd.
Ei reiphegd, òg kalla hegd og reipheld, er ei lykkje eller ein ring av tre i eine enden av eit reip eller tau. Sjølve hegda er gjerne bøygd til av tre og ihopbunden i krysset. Hegda kan brukast til å tre reipet gjennom att for å halde saman ei reipslegen bør (sjå hekt og tau), eller ho kan leggast kring eit skaft eller liknande tre for å gyrde fast børa på ei høybåre, ein slede eller liknande.   Les mer …
 
Kategoriar for Landbruksutstyr
 
Andre artiklar