Reingjelding eller reinkastrering blir utført på hann reinar, gjerne i treårsalderen, som skal trenast opp til kjørerein, og dessutan ofte òg andre hannreinar som skal vera med på å skapa ro i større reinflokkar. Tradisjonelt har reingjelding vorte utført ved at ein bit over testiklane med for- og hjørnetenner til sædstrengene sprikk med eit hørbart knepp, og deretter mosar sund testiklane mellom fingrane. To fordeler med denne metoden er at skinnet ikkje blir punktert, noko som minskar infeksjonsfaren; og at testikkelvevet til ein viss grad er intakt, slik at ein minimal testosteronproduksjon framleis kan finne stad. Reinen viser gjerne teikn til å vera uvel i to–tre dagar etter inngrepet. Frå andre halvdelen av 1900-talet har denne metoden vorte ulovlig, og i dag går gjeldinga normalt for seg med burdizzo-tong, som knusar vevet i sædstrengen. Les mer …
|